Dei ivrigaste jegerane i fylket skaut nær all hjorten dei fekk tildelt

STORE FORSKJELLAR: Kor ivrige jegerane er, varierer stort i Sogn og Fjordane. Foto: Illustrasjonsfoto: Ivar Myklebust Longvastøl
Hjortejegerane i Flora og Gaular var dei ivrigaste i fjor, medan det i Solund var mange dyr som fekk gå i fred.
Dette kjem fram i hjorteviltregisteret, der fjorårets hjortejakt er registrert. (sjå tabell i botn av saka)
Her går det fram kor mange dyr som er tildelt den enkelte kommune, kor mange som er felt og kva det utgjer i prosent. Forskjellane er store frå kommune til kommune, skriv Firda.
Jegerane i Flora kommune var dei mest aktive i fjor: Her blei 784 dyr skotne, noko som er nær 90 prosent av dei 872 tildelte dyra.
Gaular-jegerane er hakk i hæl: Av dei 906 dyra som blei tildelt i 2018, blei 799 skotne. Det utgjer ein fellingsprosent på 88,2.
I Solund derimot tok jegerane det meir med ro under fjorårets haustjakt. Her vart det totalt tildelt 205 dyr. Berre 29 av dei blei felt, noko som utgjer 14,1 prosent.
Totalt blei det i Sogn og Fjordane tildelt 18.376 hjort i 2018. Det blei felt 12.243 dyr, noko som utgjer ein fellingsprosent på 66,6 prosent.
I statistikken frå registeret kan ein også sjå kor mange hodyr eller hanndyr som blei felt.
Blei vitne til bukke-slagsmål:– Heilt ekstremt og veldig spennande
Ein halvtime etter at Linn Marie (22) gjekk heimanfrå skaut ho storhjorten
Ny kvardag for hjortejegerane. No må dei grave ut hjernemasse og lymfeknutar
Så mykje hjort blei skote i 2018
Tildelt Felt Prosent
Gloppen: 857 627 73,2
Jølster: 567 394 69,5
Førde : 538 377 70,1
Askvoll: 949 615 64,8
Fjaler: 918 719 78,3
Hyllestad: 688 489 71,1
Høyanger: 816 600 73,5
Gulen: 906 524 57,8
Solund: 205 29 14,1
Flora: 872 784 89,9
Gaular: 823 663 80,6
Naustdal: 622 432 69,5
Kjelde: Hjorteviltregisteret
Kommentarer til denne saken