Gå til sidens hovedinnhold

Dei høge straumprisane

I år har kraftprisen gått kraftig opp i høve til året før. Kraftselskapa blir ofte framstilt som grådige, som har tappa ned magasina og seld straumen ut av landet. Fakta er at vi, som eit av dei rikaste landa i verda har dei lågaste straumprisane i Europa. Aldri hav vi brukt mindre del av hushaldningsbudsjettet på straum. Straumprisen har faktisk ikkje auka dei siste 70 åra!

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dei siste 70 åra har straumprisen for eit hushald vore om lag den same. Derimot har avgiftene auka, men det er neppe kraftbransjen si skuld. Visst kosta straumen berre 3 øre/kWh på 50-talet, og 6 øre/kWh på 70-talet. Så er det slik at 3 øre i 1950 og 6 øre i 1970 blir 53 øre/kWh etter dagens kroneverdi og difor på nivå med straumprisen vi har hatt dei siste 5 åra. Går vi lengre attende kosta straumen i 1890 75 øre. Det svarar til 44 kroner i dag

Figuren syner utviklinga av straumpris til hushaldningar sidan 50-talet i 2020-prisar, fordelt på kraftpris, nettleiga og skattar/avgifter. Bortsett frå skattar og avgifter, har straumprisane halde seg merkverdig stabil over 70 år, sjølv om dei varierer frå år til år. Med Energilova i 1990 liberaliserte senterpartimann og energiminister Eivind Reiten i Syse-regjeringa kraftmarknaden. Frå 1993 kunne straumkundar fritt velja straumleverandør, medan distribusjonen framleis blei varande som eit naturleg monopol.

Figuren syner i detalj utviklinga av skattar og avgifter på straum, det meste utgjer meirverdiavgift og elavgift. ENOVA-fondet og kvotepliktig el-sertifikat utgjer mindre utgiftspostar, men som vi skal sjå er dette vel anvendte avgifter som har bidrege til lågare straumrekningar totalt sett.

El-avgift og meirverdiavgift er syndaren

Verken kraftprisar eller nettleiga har auka, det har derimot skattar og avgifter på straum! No var det heller ikkje slik at det ikkje fanst avgifter før i tida. El-avgifta kom i 1951 med 0,1 øre/kWh og har auka jamt og trutt for hushaldningar. Frå 60 til 70-talet føregjekk ei omlegging frå kol og ved til billeg, oljebasert fyring. Oljekrisa førte i sin tur til ei omlegging frå oljefyring til elektrisitet og forbruket auka. Det var medan dei store vasskraftutbyggingane si tid enno ikkje var over.

Forlauparen til meirverdiavgifta -omsetningsavgifta blei allereie innført i 1935, som ei midlertidig omsetjingsavgift til kriseformål. Krisa må ha vore lenge, for den auka etter kvart til 13,6% før den blei erstatta av meirverdiavgifta på 20% i 1970.

1 øre til ENOVA-fondet

Ved årtusenskiftet blei el-avgifta nesten dobla i ein periode med skiftande AP- og sentrumsregjeringar. Nyvinniga ENOVA såg dagens lys i 2001, finansiert med 1 øre påslag på nettleiga for hushaldningskundar. ENOVA-støtteordninga for varmepumper sparka i gong marknaden for varmepumper i Noreg. No er det 1 million av dei, og dei reduserer energiforbruket med 10 TWh kvart år.

Noreg hang seg på den svenske elsertifikatmarknaden i 2011 som då hadde hatt eit marked sidan 2003. Alminneleg forsyning skulle finansiera ekstrakostnaden for utbygging av 28,4 TWh ny fornybar innan 2020 saman med svenskane. Elsertifikatmarknaden skulle visa seg å bli ein suksess. Den mengda fornybar energi som blei pressa inn på tilbudsida, ga mykje større prisnedgang enn påslaget for kvoteplikt. Sertifikatkostnadene har knapt nok vore synleg. I dag har sertifikatmarknaden utspelt si rolle. Fornybar er lønsam utan sertifikat, som det billigaste alternativet for ny kraftproduksjon til 30 øre/kWh

Frykta for utanlandskablar

Bygginga av nye utanlandskablar har fått NEI-til EU-rørsla og fagforeiningane i kraftkrevjande industri til å vakna. Dei fryktar høge straumprisar.

Den fyrste utanlandskabelen fekk vi til Sverige i 1960 frå Trøndelag. Trondheim Elektrisitetsverk måtte få handelskonsesjon i Stortinget, noke senterpartihøvding Per Borten var imot. Han var redd det ikkje ville bli nok kraft igjen til «underutvikla Trøndelag» for alminneleg forsyning. Det første året endte ikkje opp med eksport, men import frå Sverige. 1960 skulle visa seg å bli eit tørrår, og debatten om kabelen stoppa opp. I staden blei det bygd mange kraftlinjer mellom Noreg og Sverige for kraftutveksling mellom landa.

I figuren er tidspunkta for driftsetting av dei fleste utanlandskablar markert inn. Historisk er det knapt mogleg å sjå noko effekt av kablar på kraftprisane.

Regjeringar kjem og går – aukingane i avgiftene står

Sjølv ikkje finans- og energiministrar frå Frp - «partiet for sterk nedsetting av skattar og avgifter» - har ein unngått auka avgifter på straumprisane. Den regjeringa som no sit har auka elavgifta med 20% reelt.

Dei historiske straumprisane for hushaldningar syner at straumprisen ikkje har auka dei siste 70 åra når ein korrigerer for inflasjon. Uavhengig kven som har hatt regjeringsmakta så har avgiftene auka.

Tek vi og høgde for kjøpekrafta, har norske hushaldningar aldri brukt så liten del av hushaldningsbudsjettet på straum.
Vi er av dei rikaste landa i verda med dei lågaste straumprisane i Europa. Jamvel klagar vi på dei høge straumprisane.

Kommentarer til denne saken