– Dei har laga årets beste plate, hittil!

NY MUSIKK: Frå venstre, Craig Finn, John Moreland, Drive By Truckers og Bonny Light Horseman

NY MUSIKK: Frå venstre, Craig Finn, John Moreland, Drive By Truckers og Bonny Light Horseman Foto:

DEL

PODCASTDet er vanlegvis Roald som befaler og har oversikt over den nyaste musikken, men i årets første podcast er det Hjorthen som yppar seg.

– Dei har laga årets beste plate, hittil, seier han om Bonny Light Horseman si debutplate.

Så er det lenge til årsskiftet, og mykje kan skje, men både Hjorthen og Roald er einige om at folk-supergruppa med Eric D. Johnson frå Fruit Bats, Josh Kaufman og Anaïs Mitchell har levert ei vedunderleg plate med eldgamle folk-songar i moderne tapping.

Men dei snakkar seg sjølvsagt gjennom ei heil rekke med nye plater. Drive-By Truckers, Nada Surf, Craig Finn, John Moreland og mykje meir. Og kva er eigentleg tidenes beste live-album?

Her kan du høyre podcasten, og du finn den også på Spotify om du søker på Firdaposten. Speleliste med songane frå denne månadens podcast finn du også under her.

Artikkeltags