Gå til sidens hovedinnhold

Dei gir vekk Vingen-feltet

Signe Hanson og Helge Henriksen gir vekk 300 dekar med helleristingar til Universitetet i Bergen.

Eigedomen ekteparet gir vekk arva dei etter Kristian Bing, som oppdaga det som har fått namnet Vingenfeltet i Bremanger.

Hanson og mannen meiner UiB er den institusjon som best kan ta vare på denne eigedomen for framtida, skriv NRK. Grunngjevinga deira er det store engasjement Universitetsmuseet har vist i området gjennom mange år.

Vingen-feltet har over 2200 helleristingar og områdeter så godt som urørt av menneskeleg aktivitet. Det blir framleis oppdaga nye figurar på steinar og berg her. Det blir også funne gjenstandar som har vore brukte til å skape helleristingane med.

Eigedomen vart overdregen under ein høgtideleg seremoni måndag, i Tårnsalen på Universitetet i Bergen. Ekteparet Hanson og Henriksen får ikkje noko vederlag for gåva.

Kommentarer til denne saken