Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det måtte eg også gjere då eg skulle skrive dette innlegget. Eg synest tonen i debatten over helga har vore så ekkel at det har vore ubehageleg å stå fram med eit innlegg, fordi eg fryktar eit usakleg angrep på meg som person i staden for sakleg einigheit. Men eg har gått ei runde med meg sjølv og vurdert at eg likevel meiner det er rett å stå fram, og eg er heilt trygg på at eg står for det eg seier.
Slik opplever heilt sikkert nokre kommunestyrerepresentantar at kommunestyremøtet også vil vere. Eg håper alle kan respektere at vi kan vere sakleg ueinige i denne debatten og at en ikkje bryt verken moral eller normer ved å meine at Kinn kommune skal fortsette.
Kommunestyret skal ta ei avgjerd basert på den informasjonen dei har i kommunen dei er valde til å representere.
Det vil seie at dei skal vurdere utgreiinga frå BDO, tilrådinga frå rådmannen og den rådgivande folkeavstemminga. Det er summen av dette som skal utgjere basisen for valet dei skal gjere for framtida til Kinn kommune. Då er spørsmålet om ein har fått eit så tydeleg svar frå befolkninga at den skal overstyre dei negative konsekvensane som BDO-rapporten og tilrådinga til rådmannen peiker på. Det meiner eg ein her ikkje har fått.
Etter to år med omstilling, nye vanskelege prosessar rundt blant anna eigedomsskatt, strukturdebattar og ein anstrengt økonomi, så hadde eg og fleire kanskje forventa at tala skulle vise ein meir tydeleg motstand når ein gjennomførte ei slik folkeavstemming så tidleg etter etableringa for omstruktureringsprosesser er krevjande. Eg har difor etter rapporten frå BDO kom, heile tida meint at ein måtte ha hatt eit tydeleg signal frå innbyggarane i Kinn for å rettferdiggjere ei ny stor omstrukturering med dei følgene det har etter berre to år. Eg opplever at det er tydeleg no at fleire begynner å sjå at Kinn også får til veldig mykje bra, at det er mykje som fungerer i den nye kommuna vår og at det vil vere ein svært krevjande prosess å splitte opp att kommunen. Derfor trur eg ein har enda opp med ei slik jamn fordeling i valet.
Ein ser at svara varierer i ulike kretsar over heile kommunen, at det er nokre fleire som vil behalde Kinn enn som vil dele Kinn og då har ein i praksis ikkje fått det tydelege signalet mange kanskje trudde ein ville få for ei deling av kommunen. Folk har jobba og stått på på begge sider av debatten, og eg skjønar at for nokon vil det vil vere ein skuffelse om resultatet er noko anna enn det ein hadde håpa på. Men eg håper ein no kan sjå framover og jobbe godt saman vidare, uansett meining rundt delingsspørsmålet. Dette har eg tillit til at vil skje og eg har tru på at representantar frå dei ulike partia vil jobbe godt vidare sjølv om dei var ueinige i dette spørsmålet.
Så vil eg kommentere på nokre av innleggene frå dei siste dagane.
Rått parti? Leik med tal (evt talmagi)? Skremmande? Dette er nokre av overskriftene som har kome dei siste dagane.
Eg har igjennom den siste månaden vore imponert over sakligheten og tonen i debatten rundt Kinn. Den har vore langt betre enn tidlegare og det har vore ei positiv oppleving. Vi har i langt større grad snakka om ting som fungerer i samfunnet og kva ein ønsker å få til. Det har endra seg dei siste dagane, men eg håpar dette har lært oss noko og at det er noko vi kan fortsette med.
Det er ulike meiningar i kommunestyret om deling, og det er greitt. Men hadde det vore klart frå starten at berre Vågsøy skulle bli høyrt så måtte ein ha gjort det slik at berre Vågsøy hadde folkeavstemming og at absolutt alle kostnadar og ulemper dette påfører både Vågsøy-delen og Flora-delen hadde vore kartlagt og måtte blitt dekka økonomisk berre av Vågsøy. Noko anna ville etter mi meining ikkje vore rettferdig då ein har slått seg saman frivillig. Det blir ikkje riktig å påtvinge heile kommunen ulemper på grunn av dette. Tvangssammenslåtte kommunar som deler seg får en heilt anna økonomisk kompensasjon for dette og er ikkje ei god samanlikning.
Ei tydeleg utgreiing måtte då ha vist konsekvensane av å dekke dette for Vågsøy kommune i tillegg til andre konsekvensar ved ei deling.
Det eg ikkje forstår er: Kvifor skal ein ikkje høyre på alle innbyggarane i ei kommune dersom heile kommunen eventuelt skal delast i to og det heilt klart vil ha konsekvensar for begge nye kommunar og då alle innbyggarar og tilsette?
Øystein Sortland har hittil i debatten imponert med en sakleg og god tone. Det har eg respekt for, og samtidig er eg ueinig i innlegget han skreiv med tittelen «Rått parti». Det blir sagt at ei stemme ikkje er ei stemme. Det blir vist til at i nasjonale val er ikkje ei stemme ei stemme fordi ein skal ha representantasjon også frå distrikt med få innbyggarar.
Dette meiner eg er feil, og eg skal prøve å forklare kvifor.
I nasjonale folkeavstemmingar tel alle stemmer likt, for eksempel i val om ein skal gå inn i EU eller ikkje. Der er det ingen forskjell på stemma om du bur i Bergen eller Bardufoss, men det er kanskje ikkje dette han viser til.
Å samanlikne dette kommunevalet med val av representantar på Stortinget blir heller ikkje riktig. Dei er fordelt i eit reknestykke mellom folketal og areal der valet på parti (politikk/sak) tel rimeleg likt uansett kor ein bur i landet, og representasjon (politikarar) etter geografi er noko høgare i distrikt med store areal.
Dette er ei rådgivande folkeavstemming frå befolkninga i Kinn kommune. Vågsøy har verken eit veldig stort areal eller ei veldig lita befolkning slik for eksempel Sogn og Fjordane har i Norge (rundt 2 prosent?) og ei stemme skal ikkje telje meir i ein del av ein kommune enn ein annan. Dersom ein snur argumentasjonen til andre delar av kommunen, så kan ein argumentere for at ein ved ei deling vil køyre over folkeviljen i Florø som hadde fleirtal. Eg liker ikkje begripe "å køyre over" fordi den vurderinga kommunerepresentantane skal ta skal vere basert på ei heilhetlig vurdering basert på informasjonen dei har fått, inkludert rapportane.
Ei deling av Kinn vil ha konsekvensar for heile kommunen og ein har difor då også spurt heile kommunen. Då vil eg tenke at det derimot vil vere «rått parti» om differansen på 484 personar i Vågsøy-delen skal overstyre summen av valet som er gjort i ein kommune med 17.000 innbyggarar, ei klar utgreiing frå BDO og tilrådinga til rådmannen når politikarane skal gjere sitt val.
Ca 38 prosent av dei stemmeføre i vågsøydelen stemte for å dele Kinn. Resten stemte for å bli, stemte blankt eller lét vere å stemme. Av dei som stemte var det som vi veit 57 prosent som ville dele. Prosenten for dei som er for Kinn er aukande i Vågsøy-delen og har auka med nesten 10 prosent sidan før samanslåinga og har gått frå 31 prosent då til 40,4 prosent no (same tal som Geir Oldeide bruker i sitt innlegg frå telefonundersøking gjort frå før samanslåinga).
Politikarane kan heilt trygt stå på eit val om å fortsette å utvikle Kinn kommune utifrå summen av det jevne rådgivande valet som har vore i Kinn, den tydelege utgreiinga og tilrådinga frå kommunedirektøren.
Det vil vere å ta ansvar for ein kommune dei er innvalde for. Fleire politikarar som no seier at dei kjem til å stemme for å bli i Kinn kommune gjekk til val på og vart valt inn for å utvikle Kinn kommune, og for å vareta alle innbyggarane. Då må dei vere bevisst på dette ansvaret, og med det resultatet ein har fått no, halde fram med Kinn kommune! Dei er verken umoralske eller noko anna om dei gjer dette. Det er et redeleg val å ta. Det same vil eg seie om Raudt og Senterpartiet som gjekk til val på å reversere kinn. Eg er ueinig med dei, men eg respekterer at dei stemmer for si sak.
Ein har fått til svært mykje dei første to åra i Kinn og det skal skje utruleg mykje viktig framover, så no må vi legge denne ballen død og jobbe knallhardt for å komme i gang med utviklinga igjen. Denne prosessen har sett mykje på vent. Om valet blir å jobbe vidare for Kinn kommune på onsdag, så må vi no sjå framover og jobbe saman til det beste for innbyggarane og kommunen vidare. Og eg trur politikarar frå begge sider kjem til å bidra positivt for utviklinga.
Men la det ikkje vere nokon tvil: Med det resultatet ein har no, vil eg oppmode politikarane til å stemme for å utvikle Kinn kommune vidare og jobbe godt på begge sider framover for å betre samarbeid, debattklima og gjere ein jobb til det beste for innbyggjarar og tilsette i tida framover.
Eg ser lyst på framtida i Kinn kommune og håper det også blir resultatet etter kommunestyremøtet.
Alt godt!