Halvt bremangerske Helena Tjelle Leinebø er fødd i Stavanger, men arbeider som pedagog og musikar med base i Oslo.

Saman med far Odd Magne Bakke og familien har ho vore på sommareferie gjennom oppveksten i Bremanger.

– Sommaren 2018 spelte eg på Rockweekend med bandet mitt. Det var stor stas, understrekar ho.

Fredag 1. oktober slepp ho sitt debutalbum «Phases/ Faces».

Høyr musikken:

Spotify

– Det kjennest ut som det største som har skjedd i livet! Historiene, både musikalsk og tekstleg, er basert på nokre svært kaotiske år i livet mitt. Eg skildrar møtet med eit manipulerande menneske og psykisk vald. Om å miste seg sjølv, og så begynne ei slags helings-fase, som heldigvis endar opp på ein god stad. Ei slags musikalsk dagbok, fortel ho.

Dette er sangane eg skulle ønske eg hadde sjølv i den vanskelege tida

Hellena Tjelle Leinebø

Firdaposten har fått høve til å lytte gjennom albumet på førehand. Den første låten, «Who am I», produsert av Gabrielle-produsenten Syver Storskogen, blei publisert allereie for ein månad sidan. Intelligent og ekstremt velprodusert popmusikk for notida, hovudsakleg basert på synthar og trommeloops, men kombinert naturleg lyd. Bruken av cello understrekar den dels mørke og melenkolske stemninga. Det er eit heilstøypt album, som viser at Helena har ordet i si makt.

Kronologisk utover kjem titlar som «Lost lovers», «Pack your bags», «Honesty» for til slutt å ende opp med likevekt i «Equillibrium». Førsteklasses vokal, vokalarrangement og sterke tekstar, som hadde blitt endå meir kraftfulle på norsk.

Alt i alt eit album å vere stolt av, som blir tilgjengeleg på alle strøymeplattformer. For å seie det på bremangersk: «Hon Helena er ei kjempedyktige kjellje.».