Bremanger kan tene store pengar på å seie nei til vindkraft

Jørund Nygård, styremedlem i Motvind Norge og Nei til vindkraft på Bremangerlandet.

Jørund Nygård, styremedlem i Motvind Norge og Nei til vindkraft på Bremangerlandet. Foto:

Av

Kva alternativ til storstilt oppgradering av lønnsame vasskraftverk i Bremanger har SFE om dei må legge vekk vindkraftplanane?

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Bremanger er ein stor vasskraftkommune, og har fleirtalet av SFE sine kraftverk. Mange er aldrande og er modne for oppgraderingar. Andre kan enkelt utvidast med nye tunnelar. Forskninga viser at årsnedbøren i Ålfoten-massivet, den mest nedbørstunge staden i Europa, aukar langt meir enn snittet for Vestlandet. Nedbøren vil fortsette å auke som ei følge av klimaendringane.

Det er altså eit enormt potensiale for både auka kraftproduksjon og store inntekter til Bremanger kommune utan store nye naturinngrep, men ingenting skjer. Grunnen til dette er at SFE heller skal bruke ein milliard på vindkraft i ytre Bremanger og kraftlinje dit.

Det store paradokset er at denne vindkraftsatsinga vil gje langt mindre kraftproduksjon og kommunale inntekter per investert krone. Den utløyser store kostnadar for innbyggerane og industrien i auka nettleige. Attpåtil så er vindkrafta i direkte konflikt med Bremanger si satsing på reiseliv og bulyst. Ei lang rekke negative konsekvensar for fuglelivet, klimaet, friluftsliv og folk si helse er og blitt betre belyst i seinare tid.

Bakgrunnen for at SFE heller ynsker å byggje vindkraft enn å oppgradere vasskrafta, er at dei er eit økonomstyrt konsern. Selskapet ser rolla si som å maksimere profitt og utbytte til eigerane, og samstundes minimere skatteutgifter. Dette manglande samfunnsansvaret ser vi igjen i det pågåande forsøket på å presse Elkem Bremanger for dobbel nettleige ved å omklassifisere nettet. Med vindkrafta betalar dei lite skatt og tar subsidiar frå husholdningane. Overskuddet til SFE som bedrift blir litt større, men kommunane i Sogn og Fjordane som eig SFE vert taparar fordi den samla summen i skatt og utbytte vert langt mindre. Dette gjeld i særklasse Bremanger som den største kraftkommuna.

Lenge kunne SFE berre ha flytta turbinane sine til ein anna stad på kysten om Bremanger sa nei. Men det nasjonale opprøret mot vindkraft har endra haldningane. No seier alle kommunane i regionen nei til ny vindkraft. Nektar Bremanger SFE å bygge ut klippekysten på Bremangerlandet, så har dei ingen andre alternativ. Dei må satse på vasskrafta igjen.

Om nokon tenker at SFE kanskje blir sure på Bremanger og let kraftverka stå til nedfalls som "straff", så er det verdt å gjenta poenget: SFE er eit økonomstyrt konsern. Dersom det igjen blir vasskraft dei tjener mest på, så vil hovudvekta av oppgraderingane skje der potensialet er størst, i Bremanger. Det trengs altså ikkje semje hjå SFE-kommunane om å skrote vindkraftsatsinga eller statlege endringar som rettar opp i skeivforhaldet mellom vind- og vasskraft for å få dette til.

Politikarane i Bremanger har, trass klare lovnadar til innbyggerane, enno ikkje gjeve eit klart og tydeleg avslag på dispensasjonen som SFE treng for å få bygge ut på Bremangerlandet. Avslaget som vart påklaga av SFE er svakt og vil truleg ikkje stå seg hjå fylkesmannen eller staten.

Feilen kan no rettast opp i. Utbygginga kan hindrast med eit nytt tydeleg og velbegrunna avslag på dispensasjonsøknaden. Det motsatte ville i alle fall vere ei tragedie, at ytre Bremanger skal miste sin natur, livskvalitet og reiselivsvekst, medan Ålfoten skule vert lagt ned fordi vindkraftinntektene ikkje strekk til.

Det vart omtalt som eit ran når fylkestinget berre gav Bremanger smular av SFE-aksjane. Vel, kanskje det er Bremanger sin tur til å ta tilbake litt av kaka?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken