Grendaskulen som forvaltar av lokalkultur

IKKJE LEGG NED SKULEN VÅR: Beskjeden til politikarane i Flora frå førsteklassingane Lena (6) og Sunniva (6) ved Steinhovden skule var klar då FIrdaposten besøkte dei i oktober 2018.

IKKJE LEGG NED SKULEN VÅR: Beskjeden til politikarane i Flora frå førsteklassingane Lena (6) og Sunniva (6) ved Steinhovden skule var klar då FIrdaposten besøkte dei i oktober 2018. Foto:

Av
DEL

MeiningarI Flora bystyre sitt budsjettvedtak for 2019 vart Steinhovden skule vedteken nedlagd. 24 elevar er no førespegla å måtte bytte skule. Som foreldre ynskjer vi å setje søkelys på dei fordelane dei små grendaskulane har, både for ungane våre og for levande lokalsamfunn i småbygdene i kommunen.

Grendaskulen som forvaltar av lokal kultur

Grendaskulen er det naturlege samlingspunktet på små plassar. Den dannar år for år ei viktig ramme rundt små og store hendingar og høgtider, og gjev foreldre- og besteforeldregenerasjonen høve til å delta i elevane sin skulekvardag, samstundes som den dannar det sosiale knutepunktet i bygda. Skulen er heilt vesentlig aktør som formidlar av lokalkunnskap og vidareutvikling av lokalkultur. I generell del av læreplanen vert det slått fast at «Skolen skal vere aktiv som eit ressurs-, kraft- og kultursenter for lokalsamfunnet, der det også blir knytt nærare kontaktar ikkje berre mellom vaksne og unge, men også til lokalt arbeids- og næringsliv». Steinhovden skule har tatt dette samfunnsmandatet på alvor, og satsa breitt på lokal forankring i samarbeid både med lokale næringar og opplysing om dei viktige fortidsminna som ligg i området. Skulen har mellom mange andre lokale samarbeidsprosjekt arrangert steinalderskule i Ausevika for dei andre skulane i kommunen som ei årviss hending.

Elevane sin kvardag – bygda sitt senter

Skulen er ein naturleg del av livet i Steinhovden og bygda er viktig for skulen. Skulen er identitetsskapande, ein kulturberar og sentrum for den sosiale kapitalen i bygda. For oss foreldre er det lett å sjå kor trygt og lærerik skulekvardagen til elevane våre er. Livsverda til elevane i grendaskulen er på heimstaden deira, og ei undervisning som skjer i nært samarbeid med lokalmiljøet til elevane skaper sjølvkjensle og identitet. Å leike og lære i eit så nært samspel med grenda si, har eigenverdi. Men ut over det det umiddelbart verdifulle av dette, ser vi at grendaskulen spelar ein viktig rolle som grunnlag og føresetnad for busetnad på bygdene. Dersom vi vil at folk skal bu i bygdene, er det viktig at ungane får bygd opp sin identitet til nærmiljøet sitt, slik at det å bli verande eller flytte attende etter studietida, fell naturleg. Å legge ned Steinhovden skule for ei eventuell kortsiktig økonomisk vinning, synest historielaust og kortsiktig.

Flora kommune har tidlegare verna om grendaskulane, og nedlegginga av Steinhovden skule kan såleis tolkast som eit ledd i ei utarming av dei små lokalsamfunna i kommunen. Innbyggarane i Steinhovden opplever til dømes i desse dagar at vallokalet er flytta frå Steinhovden, utan at nokon i valkrinsen har blitt spurt til råds. Vi spør om dette er eit frampeik på at politikken i nye Kinn kommune i liten grad vil ivareta interessene for folk i dei indre distrikta. Steinhovden FAU reiser spørsmålet om dette ein politikk som Kinn kommune kan stille seg bak? Er dette ei utvikling velgarane i dei indre distrikta kan sjå seg tent med?

I eit samfunnsøkonomisk perspektiv er det heilt uråd å sjå korleis nedlegging av grendaskulen kan vere i tråd med ønsket om levande bygder. Steinhovden FAU ønsker at det nye bystyret i Kinn kommune tek opp att saka om nedlegging av Steinhovden skule, og at partia vernar om den største av dei fådelte skulane i Flora kommune. Steinhovden FAU oppmodar velgarane om å vere medvitne om at dei stemmer på dei partia som har omsyn til også til interessene våre.




Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags