- Ein kan ikkje vere både i posisjon og i opposisjon!

Geir Oldeide i Kinn Rødt.

Geir Oldeide i Kinn Rødt. Foto:

Av
DEL

MeiningarEg registrerer på kommunen si postliste at Torgunn Eikevik frå Senterpartiet har sendt inn ein interpellasjon der ho stiller rådmannen ein heil del svært kritiske spørsmål om Kinn sin økonomi, og først og fremst knytt til den enorme lånegjelda.

Vi i Raudt er sjølvsagt glade for kritiske spørsmål om økonomien, men dette reagerer eg veldig på.
Kvifor kjem dette no, etter at kommunestyret med Senterpartiet si «hand på rattet» har vedteke budsjett for Kinn? Ein kan seie mykje om rådmannen sitt forslag til budsjett og om budsjettprosessen, og vi i Raudt har sagt mykje.
Men etter at han la fram sitt utkast var han faktisk ferdig med sitt. Etter den tid tok dei folkevalde over og er i prinsippet suverene til å ta så lite eller mykje hensyn til rådmannsutkastet som ein vil.

Så kva gjorde Torgunn Eikevik og resten av Sp? Dei gjekk samla inn for eit budsjett i lag med Ap, Sv og MdG som ikkje berre godtok den voldsomme lånegjelda, men faktisk også auka den! Og så kjem ein no etterpå og avkrev rådmannen svar på om dette er forsvarleg?

Er «politisk heilgardering» eit for snilt begrep å bruke om slik praksis? Er ikkje ord som dobbeltmoral og umoral akkurat laga for å dekke slik oppførsel? Ta ansvar for det dokker har vedteke og vore med på! Ikkje skuld verken på rådmannen eller andre.

De i fleirtalskoalisjonen som er kritiske til utviklinga hadde sjansen til å reagere då vi diskuterte budsjettet. De kunne t.d. støtta Raudt sitt forslag som ville redusert lånegjelda betrakteleg.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags