Gå til sidens hovedinnhold

– Vi kan ikkje gi frå oss eigarskapen til norske vasskraftressursar

Artikkelen er over 3 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Nei til ACER er ikkje eit nei til EØS!

Sogn og Fjordane AP meiner at EØS-avtalen ikkje vil bli sett i fare om Stortinget seier nei til deler av den tredje energimarknadspakken, for eksempel ved å seie nei til uavhengig reguleringsstyremakt, også kalla RME.

Norge får kanskje delta mindre i arbeidet med EU sin indre marknad for energi, men kan framleis eksportere og selje energien vår til tredjeland dersom EU ikkje vil ha den. Norsk olje, gass og kraft er svært attraktive varer for både EU og tredjeland, uavhengig av om vi deltek fullt ut i den indre energimarknaden eller ikkje.

Å slutte seg til EU sin tredje energipakke kan gripe direkte inn i norsk energipolitikk. Energipakken og ACER-forordninga handlar, etter Sogn og Fjordane AP si meining, om styresmaktoverføring og avståing av suverenitet.

Vi er uroa for om den nasjonale råderetten er i behald når den skal verte utøvd etter pålegg frå ESA og ACER. Argumentet om at ESA sitt vedtak er retta mot nasjonale styremakter (NVE), og ikkje private, slik at vedtaka kun skal ha ein alminneleg folkerettsleg verknad for Norge, kan etter Sogn og Fjordane AP si meining ikkje vere avgjerande for om tilslutning til den tredje energipakken krev Stortingsvedtak med simpelt fleirtal eller vedtak etter Grunnlova sin § 115.

Sogn og Fjordane AP er aller mest kritisk til endringa av energilova som handlar om oppretting av ei uavhengig nasjonal reguleringsstyresmakt for energisektoren, også kalla RME.

Lovframlegget legg opp til at store deler av NVE si regulering av energisektoren skal utførast av RME. Denne uavhengige reguleringsstyresmakta skal treffe vedtak i enkeltsaker, gje forskrifter og delta i ACER. RME skal likevel ikkje kunne søke instruks eller verte instruert av regjeringa, og regjeringa skal ikkje kunne gjere om vedtaka til RME.

Den praktiske realiteten er at RME vert eit EU-byrå og ikkje eit norsk forvaltningsorgan. RME skal setje i verk EU sitt energiregelverk i Noreg og kan berre ta instruks frå ACER og EU-kommisjonen.

Denne ordninga inneber eit brot med norske forfatningsrettslege tradisjonar der forvaltninga skal vere underlagt kontroll av regjeringa som igjen står parlamentarisk ansvarleg ovanfor Stortinget. Konsekvensen vil vere ei svekking av den demokratiske og politiske styringa og kontrollen på området. Det meiner Sogn og Fjordane AP er uakseptabelt på eit så viktig politikkområde som energisektoren.

Norge kan yte verdfulle bidrag til fornybarsamfunnet ved å foredle norsk vass- og vindkraft til framtida sine produkt. Å foredle den fornybare energien i nærleiken av der den vert produsert, gjev mindre tap og lågare transportkostnader. Vidareforedling av krafta i Norge aukar eksportverdien i langt større grad enn ved å eksportere råvara straum.

EU sin energiunion famnar om ei rekke ambisiøse energipolitiske målsetjingar. Kva verknader desse målsetjingane vil ha for kraftprisane på lang sikt er vanskeleg å spå, men fri flyt av kraft kan gje europeiske straumprisar også i Norge.

Bygging av utanlandskablar krev investeringar i det bakanforliggande kraftnettet, noko som vil føre til auka nettleie nasjonalt. Difor er det viktig at Statnett skal eige og drifte mellomlandsforbindelsane og at inntektene frå desse skal kunne brukast til å redusere nett-tariffane, samt til vedlikehald og utbygging av det nasjonale kraftnettet.

Difor meiner Sogn og Fjordane AP at den nasjonale styringa over energipolitikken må bestå.

Om Stortinget vedtek å slutte seg til den tredje energipakken føreset Sogn og Fjordane AP følgande:

  • At Arbeidarparitet si stortingsgruppe røystar mot dei framlegga til endringar i Energilova som fører til politisk uavhengighet for ei norsk reguleringsstyresmakt for energisektoren (RME).
  • At Norge sine olje-, gass- og vasskraftressursar framleis skal vere det norske folk sin eigedom og skal komme heile samfunnet til gode.
  • At eigarskapen til norske vasskraftressursar skal ligge fast, og minst 2/3 skal vere eigd av det offentlege.
  • At norsk fornybar kraftproduksjon skal bidra til auka verdiskaping og sysselsetting i Norge og til å erstatte fossil energi med fornybar energi.
  • At norske myndigheiter skal ha sjølvstendig kontroll over alle avgjerder med betydning for energitryggleiken i Norge, herunder vedtak knytt til «industri og utkobling av kraft».
  • At konsesjonar/vedtak om eventuelle nye mellomlandsforbindelsar/utanlandskablar skal framleis vere ei suveren avgjerd fatta av norske myndigheiter. Eventuelle nye kabler skal vere samfunnsøkonomisk lønsame.
  • At Statnett skal eige og drifte alle framtidige mellomlandsforbindelsar og at dette vert teke inn i energilova.
  • At flaskehalsinntektene  framleis skal kunne nyttast til å redusere nettariffane så vel som til vedlikehald og utbygging av det norske straumnettet.

Kommentarer til denne saken