Stemmerett for 16-åringar er viktig for Kinn

Av
DEL

MeiningarDet er eit velkjend faktum at i Flora kommune, og mange andre distriktskommunar i Sogn og Fjordane, er det i aller størst grad barnefamiliar og eldre som bur. Sidan barnefamiliar har barn, blir det då dei eldre som står igjen til å styre kommunen.

I dag er den yngste som sit i bystyret Jacob Nødseth (30), og den nest yngste er Silje Ødegård Standal (35). Sjølv om desse i likskap med sine 29 eldre kollegaer er dyktige lokalpolitikarar, er det ingen som har eit særskild grunnlag for å ville ivareta ungdommen sine interesser.

Å sikre ein betre samansetning av bystyra er ein viktig grunn til at Unge Venstre ynskjer stemmerett for 16-åringar, og at dei skal kunne veljast til kommunestyre.

Når ungdom i Kinn er ferdig på vidaregåande drar fleire til utlandet eller større norske byar for å studere. Ein periode i bystyret varar i fire år, og for dei fleste 18-åringar er det mindre aktuelt å stille, ettersom dei har tenkt seg ut i verda. Fordi ein ikkje har moglegheita til å stemme eller stille til val før ein er 18 er det dermed få unge som kan stille, noko som går utover lokaldemokratiet. For at bystyret skal kunne ha rettferdig representasjon må ein gje ungdom moglegheita til å stemme og stille til val frå året ein fyller 16 år.

I Kinn finn ein mange flinke, engasjerte og dyktige ungdommar, og det å ikkje gje dei ein stemme i samfunnet kan vere eit stort tap for den nye kommunen. Om 16-åringar kan stemme og stille til val til bystyret, bør dette føre til eit breiare samansett bystyre, noko som vil kunne representere kommunen sine innbyggjarar mykje betre enn det gjer i dag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags