«Omskjæring av gutar og av jenter er to heilt forskjellige ting.»

Hol i øyret? KrF-fylkesleiar Trude Brosvik skriv at den jødiske tradisjonen med å omskjere åtte dagar gamle guteborn kan samanliknast med å ta hol i øyret på veslejenta hos frisøren. Arkivfoto: CC

Hol i øyret? KrF-fylkesleiar Trude Brosvik skriv at den jødiske tradisjonen med å omskjere åtte dagar gamle guteborn kan samanliknast med å ta hol i øyret på veslejenta hos frisøren. Arkivfoto: CC

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Debatt:Tilsvar til Firdapostens leiar 9. mai:

I leiaren 9. mai kallar Firdaposten det ei «forkvakla» meining å ville legge til rette for at jødane skal få følgje ein av dei sterkaste identitetsberande skikkane sine i Norge; omskjæring av åtte dagar gamle gutar.

Stortinget fann for fem år sidan fram til ei brei semje om å opne for at det kan gjerast innanfor sjukehusa, for å sikre at det vart gjort forsvarleg, til barnets beste. Norge er eit sekulært samfunn, og mange har vanskar med å skjøne argumentasjon som går langs linjer som rører ved tru og religion. Somme meiner den dimensjonen i eit liv er underordna, og at vi kun må forholde oss til (naturfagleg) vitenskap.

Vi ser det også på andre felt; td når ein asylsøkar, som har konvertert frå islam til kristendom, vert utvist. Etter UNE si meining treng han ikkje å frykte for livet i heimlandet, fordi han ikkje treng å seie til nokon at han er blitt kristen. (!)

Det er lett for oss å seie at alle inngrep på eit barn er gale, fordi det er irreversibelt, etter vår meining unødvendig og fordi barnet ikkje kan gje samtykke. Ergo må det vente til barnet er stort nok. Men for enkelte, og i dette tilfellet jødane, er det ein sterk del av identiteten. Og for dei truande jødane, ein sterk del av trua.

Lat oss ta eit døme: Viss barnet ditt blir født med eit fødselsmerke, syns du då det er greitt at foreldra bestemmer at det skal takast bort? Kva med samtykke-praksisen då? Det er ein operasjon som er langt større enn omskjæring av gutar. Eller er du av dei som har tatt veslejenta med til frisør og «skote» hol i øyra på ho? I følgje enkelte fagpersonar, er det inngrepet meir å likne på den omtalte fjerninga av forhud. Eg trur ingen av oss reagerer veldig mykje på dette. I alle fall har eg ikkje registrert at nokon, heller ikkje FrP, har foreslått lovforbod mot det.

Eg vil ikkje argumentere for omskjæring, men sterkt åtvare mot at eit samfunn overser trusfridom og ikkje har vilje til å finne løysingar som alle kan leve med. Og i tilfelle nokon blandar saman; omskjæring av gutar og av jenter er to heilt forskjellige ting. Der det siste er kjønnslemlestelse av verste sort. Vi må i alle fall klare å sjå det skiljet!

Det sekulære Norge likar å slå seg på brystet av at vi er tolerante, for ytringsfridom og trusfridom. Men med ein gong vi blir utfordra på dei praktiske konsekvensane av det, så fell vi tilbake til hylekoret. Slik Firdaposten, etter mi meining, gjer i leiaren sin.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags