Markegata, Florapolitikken, prioriteringane, pengane, lobbyisten og NTP

Martin Malkenes.

Martin Malkenes. Foto:

Av
DEL

Meiningar

«Då vegen gjennom Skudalen vart bygd på 90-talet var det meininga at denne skulle fortsette langs ei kaigate. Men denne planen vart lagt på is og "nødløysinga" vart ein relativt skarp og ulogisk sving med ein bratt bakke opp i Markegata.»

Slik står det skrive i sakspapira til Flora kommune. «Den skarpe svingen i Skudalen». Ikkje er svingen særleg skarp, ikkje er den ulogisk og ikkje er bakken bratt. Ein kunne vedteke å ruste opp gata frå «Viktoriakrysset» og vestover. Noko som faktisk er behov for. Men nei. «Den skarpe svingen i Skudalen» gjorde at fleirtalet i bystyret ville lage ny trase. Men har «Den skarpe svingen i Skudalen» nokon gong vore eit problem?

Svaret er nei. Det har aldri vore eit trafikkuhell i svingen i følgje Statens Vegvesen. Aldri. Køyretøy i alle fasongar har aldri hatt problem med å komme rundt svingen eller køyre opp eller ned bakken. Statistikken viser faktisk at heile vegen slik den går frå overgangsfeltet ved Evja og fram til Fugleskjærskaia har svært låg ulukkesfrekvens. På femten år har det vore 42 trafikkulukker. Størsteparten frå Samfunnshuset og vestover på eit vegstrekke der det køyrer gjennomsnitt 10 000 bilar kvar dag (2013). 42.

Men pytt, pytt. Flora bystyre vedtek det dyraste alternativet og dermed det som er vanskelegast å få gjennomført. Og no skal Markegata inn i Nasjonal Transportplan(NTP). For då får ein pengar til å bygge. Markegata og skal då konkurrere med rassikring, utbetring av trafikkfarlege vegstrekk, såkalte flaskehalsar og andre pressande vegprosjekt i andre kommunar i landet. Og etter sist bystyremøte er det for underteikna klinkande klart kor viktig fleirtale i bystyret meiner dette er. Men korleis i helsike kan ein overtale samferdsleministeren om at «Den skarpe svingen i Skudalen» er såpass viktig for det norske samfunn å få vekk at den må inn i NTP?

Arbeiderpartiet kom med framlegg om å bruke 200 000,- kroner på «lobbyist». Altså ein som går utanom dei etablerte kanalane demokratiet og forvaltninga bygger på for at dei som hyrer lobbyisten skal få det som dei vil. Dette skapte debatt. Og godt var det. Først er det jo underleg at Arbeiderpartiet meiner det er god praksis å forsøke å betale seg fram i køa. Skal dei kommunane med mest pengar til lobbyistar få gjennom sine prosjekt først ser det i så fall mørkt ut for Flora og etter kvart Kinn. Her er det jo som kjent ikkje pengar.

Og det er jo underleg at våre folkevalde ikkje har anledning å ta desse sakene opp med sine parti på fylkes og nasjonalt nivå og få gehør for kor viktig ein meiner dette er? Enkelte er jo til og med i regjeringsparti.

Høgres Vidar Grønnevik gjekk på talarstolen i bystyret og sa at han førre veke var i møte med samferdsleministeren (kanskje om flyruter?), rett etter sa han at Høgre ville støtte Arbeiderpartiet sin lobbyist fordi «vi treng ein døropnar».
For meg seier dette meg to ting. For det første seier Grønnevik at samferdsleministeren ikkje lyttar til Grønnevik og at ein difor treng ein lobbyist. For det andre at han fekk døra smelt igjen bak seg når han gjekk.
Då trengs det kanskje 200 000,- til ein døropnar..

Så er det jo det faktum at administrasjonen her med klar tale seier at kommunen ikkje har folk til å følgje opp dette vedtaket. Bystyret vedtek altså prosjekt som administrasjonen ikkje har ressursar til å følgje opp. Vi er jo som kjent raka fant og folk skal til og med seiast opp. Rådmannen presiserte så objektivt han kunne at om ikkje bystyret bladde opp 200 000,- så kunne ein gløyme veg før langt ut i 2030. Administrasjonen treng altså lobbyist.

I denne saka var det dei to partia MDG og Frp som meinte lobby-pengar frå ein blakk kommunekonto ikkje var vegen å gå. Avslutningsvis fekk vi passet påskrive av leiar i plan- og samfunnsutvalet, Arbeiderpartiets Lars Terje Standal, som i svært engasjerte ordelag utbasunerte at han var sjokkert over at nokon i bystyret kunne gå mot slikt i «ei så viktig sak for Florø by».

Kor viktig dette vegprosjektet er, blir det opp til Samferdsledepartementet å vurdere. Og når «Den skarpe svingen i Skudalen» skal opp mot rassikring og alskens flaskehalsar rundt om i landet ser eg at Flora kommunes lobbyist skal få brynt seg. Eg ville ikkje vore i hans sko (eller sandal), for å seie det slik.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags