- Vi må stå saman mot mobbing og utestenging

ROLLEMODELLAR: Skal vi betre kvardagen for ungdommane våre, må vi vaksne stå fram som rollemodellar. Elles nyttar det lite med flinke lærarar og god skulehelseteneste, skriv fylkesordførar Jenny Følling.

ROLLEMODELLAR: Skal vi betre kvardagen for ungdommane våre, må vi vaksne stå fram som rollemodellar. Elles nyttar det lite med flinke lærarar og god skulehelseteneste, skriv fylkesordførar Jenny Følling. Foto:

Av
DEL

MeiningarEit nytt skuleår er i gang, og spente elevar har troppa opp for første skuledag på barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular. Fellesnemnaren er at skulestarten kjennest litt vanskelegare for nokre av elevane.

Det er ikkje alltid lett å komme inn i eit nytt miljø. Det kan vere vanskeleg å flytte frå familie og venner, inn på ein hybel og ikkje kjenne nokon andre. Det er positivt at einsemd og sosiale utfordringar vert diskutert no rundt skulestart. Det er med på å normalisere og ufarleggjere. Det er med på å senke terskelen for å seie ifrå og snakke om utfordringane. Vonleg kan tidleg handtering og auka merksemd bidra til at ein vanskeleg situasjon ikkje utviklar seg, og at det å stå utanfor ikkje utviklar seg til psykiske helseproblem.

Mobbing er eit samfunnsproblem, og den nye mobbelova har vore eit steg i riktig retning. Det er ein sterk samanheng mellom tidlegare erfaringar med mobbing, einsemd og utryggleik, og vanskar med å finne ei trygg forankring seinare i livet. Mange vidaregåande elevar veit ikkje kven dei skal snakke med om dei vert utsette for mobbing eller opplever problem ved skulestart.

Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har nett tilsett eit eigemobbeombod som skal bidra med rådgjeving og jobbe mot mobbing av skuleelevar på grunnskulen. På den vidaregåande skulen er det elev- og lærlingombodet som er mobbeombod. Nytt i år er også «mobbeknappen» vi innfører på heimesidene til dei vidaregåande skulane. Den er til for at elevar og føresette enkelt skal kunne melde frå om mobbing og andre krenkingar som skjer i skulen, som trakassering og diskriminering.

Dei unge må forstå at dei fleste av oss ikkje skal bli verdsmeistarar eller leva av å vera kjendis, men bli eit gangs menneske med jobb, familie og forpliktingar.

Jenny Følling

Trygge, tilgjengelege vaksne er kanskje det viktigaste. Vi har flinke lærarar, skulehelseteneste, trenarar og foreldre som stiller opp. Likevel er det mange som føler at problema hopar seg opp, og gjer at psykiske helseplager er aukande problem for barn og ungdom. Ungdata-undersøkingane syner at omfanget av sjølvrapporterte fysiske og psykiske helseplagar aukar, og ekstra markant er det at fleire gutar melder om psykiske helseproblem. Skulepress og kroppspress får skulda, og sosiale medium er utan tvil ein del av utfordringa.

Årsakene er samansette, men aukande individualisering og press om å lukkast er gjengangarar blant forklaringane. Dei ytre tinga får for stor plass i ei sårbar tid med store endringar både kroppsleg og mentalt, då dei unge skal «finne seg sjølve».

Vi som er vaksne, vi er rollemodellar, og det er vi som må gå føre med gode dømer på kva som er viktig. Vi må ikkje berre snakke om, vi må visa at det ikkje er ytre ting som er viktigast. At det å vere lydhøyr og omsynsfull mot andre er viktig, og at det er greitt å vere annleis. Og dei unge må forstå at dei fleste av oss ikkje skal bli verdsmeistarar eller leva av å vera kjendis, men bli eit gangs menneske med jobb, familie og forpliktingar.

Eg trur òg det er viktig at vi som er vaksne ikkje berre snakkar om å respektere skilnader. At vi som er vaksne er bevisste på kva vi legg ut i sosiale media, og korleis vi ter oss og omtalar andre i sosiale media. Ein viktig del av å vere ein god rollemodell for born og unge er å gjerer det ein seier, og vere eit godt føredøme. Det er viktig å tenke over at einsemd og mobbing skjer og kan skje, på vår skule, i vårt nabolag, og i vår heim.

Eg håpar at både små og store blir tatt godt i mot i trivelege miljø der alle kjenner tilhøyrsle. Alle kan ta ansvar for å ta vare på kvarandre og bidra til eit ope og inkluderande miljø. At lyset som er tent ikkje sloknar. At alle har ein venn å prate med eller halde i handa når dei treng det. At dei som treng litt ekstra får hjelp. At alle blir sett og verdsett!

Eg ynskjer alle lukke til med skulestart og i barnehage.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags