Vern om Kolset skule – vent på oss!

BER FOR GAMLESKULEN SIN: Tidlegare elevar ved Kolset skule ber politikarane om ikkje å leggje ned skulen sin. Her er eit bilde gjengen i Kolset barnehage teke for cirka 15 år sidan. Mange avdei som har signert lesarbrevet er på bildet.

BER FOR GAMLESKULEN SIN: Tidlegare elevar ved Kolset skule ber politikarane om ikkje å leggje ned skulen sin. Her er eit bilde gjengen i Kolset barnehage teke for cirka 15 år sidan. Mange avdei som har signert lesarbrevet er på bildet. Foto:

Av
DEL

Debatt:Vi er ungdommar som har flytta ut frå bygda for å byggje arbeidserfaring og ta høgare utdanning. Vi er ungdommar som sjølve har gått på Kolset Oppvekst, og vi har opplevd verdien av å ha ein skule nær oss. No ser vi med alvor på situasjonen rundt barneskulen vår og framtida til bygda vår, og vi kan fastslå at dette òg heng saman med vår eiga framtid. For korleis skal heimbygda vere ein attraktiv plass å flytte tilbake til utan skule?

Det vart referert til oss i lesarinnlegget «Kolset skule – livsnerven i bygda vår», skrive av foreldre i Kolset krins for eit par veker sidan, og som det blir belyst der,  sit vi no ein ganske så stor gjeng på utsida og observerer utviklinga i kommunen. Mange av oss som har vakse opp på Kolset, i Rugsund og i Leirgulen,  har sterke røter til heimplassen, og difor ynskjer vi at våre stemmer skal bli høyrde no!

I all beskjedenheit vil vi hevde at vi er ein viktig ressurs for Bremanger kommune. Det er ikkje tvil om at det er blitt brukt ressursar på oss, og blir døra lukka for at vi kan komme heim, vil det vere eit tap.

Ifølgje økonomiplanen for 2019-2021, er Kolset skule teken ut frå budsjettet. Også vi stiller oss svært kritiske til ei slik kortsiktig løysing! Det vert uttalt frå rådmannen at det er økonomisk gunstig å leggje ned skulen vår, og ja, på kort sikt kan kanskje Bremanger kommune spare litt ved eit slikt tiltak. Men vil det gagne Bremanger kommune i framtida? Nei, vi vil hevde det motsette, og det må forhindrast!

Det er heilt normalt at barnetalet svingar, òg i vår bygd. Då foreldra våre var unge og flytta heim frå ulike plassar i landet,  var Kolset skule nede i ein bølgjedal. Så snudde det ved at nokre få flytta heim. Det fekk smitteeffekt på andre som ikkje heilt vågde å ta steget med å vere den fyrste eller den andre. Vi er resultat av denne bølgjetoppen, og vi er etter kvart blitt mange! Difor syns vi det er veldig synd om argument som manglande auke i elevtalet i skulen siste åra blir brukt mot bygda. Vi oppfordrar til å tenkje langsiktig! Dersom vi skal ha moglegheit til å busetje oss i bygda, må vi få tid på oss!

Vi er alle tidlegare elevar ved Kolset skule, og det er ingen tvil om at kompetansen vår i lesing og skriving vart utvikla på Kolset skule. År etter år har vi vore blant topp 10 på nasjonale prøver i lesing og skriving. Vi er oppdregne i gode og kjærlege familiar, som ikkje berre er opptekne av skule og utdanning, men som òg har lært oss å stå på eigne bein og gjort oss til gode samfunnsborgarar. I ettertid har vi gått svært ulike vegar. Vi sit no med variert kompetanse med ei breidde i både utdanning og yrkeserfaring, og vi har store ambisjonar og mål for oss sjølve.

I all beskjedenheit vil vi hevde at vi er ein viktig ressurs for Bremanger kommune. Det er ikkje tvil om at det er blitt brukt ressursar på oss, og blir døra lukka for at vi kan komme heim, vil det vere eit tap. Nokre lurer kanskje på kvar det så blir av oss? Kvifor har vi ikkje flytta heimatt? Vi er i gang med både jobb og utdanning, og det tek tid. Det som er eit faktum er at fleire av oss ganske snart vil byrje vurderinga rundt kvar vi ønsker å busetje oss. Flyttar vi heim, er det viktig at der er noko å komme til. Skule og barnehage vi ha for at det skal vere forutsigbart å stifte familie. På ein så liten plass er skulen ein møteplass, og heng tett saman med sosialt liv i bygda, fritidstilbod og arrangement. Vi ynskjer ikkje ei bygd i «forgubbing!»  Vi ynskjer ei i bygd i vekst med tilbod, moglegheiter og arbeidsplassar i framtida. Vil dette kunne bestå om skulen blir lagt ned?  Vil vi ha noko å  flytte tilbake til?

Vi har solide og kloke politikarar i Bremanger kommune, og vi ynskjer dykk lykke til den 20. desember! Unngår de nedlegging av Kolset skule, vil det føre til ei solid økonomisk investering for kommunen. Den trur vi vil lønne seg.Vit at når de behandlar skulesaka, er all vår merksemd retta mot dykk og det valet de tek for skulen vår, bygda vår og for oss unge. Vi er mange som no sit på gjerdet, og vi vil heim!

Beste helsing

Evita Kolseth Skaar
Maria Kolseth Jensen
Runar Leirgulen
Tonje Leirgulen
Marius Gulliksen
Arne Olai Midtbø
Torine Bortne
Sindre Kolseth
Kristine Holmøy
Håvard Strømmen
Martine Almenning
Sivert Kolseth
Elling Leirgulen
Sofie Holmøy
Andrè Storøy
Henrik Holmøy
Malin Leirgulen
Thomas Leirgulen
Jeanett Isene Strømmen
Tom André Lofnes
Sander Gulliksen
Martin Kolseth Skaar
Tonje Storøy
Oline Leirgulen
Amund Leirgulen
Jon Helge Kolseth
Elise Marie Nygård
Dorthe Leirgulen
Einar Engen
Kai -Arne Kolseth
Sandra Leirgulen
Karoline Leirgulen
Tiril Olsbø
Emilie Kolseth Jensen
Hilde Gulliksen
Jeffrey Meijer
Maria Isabelle Grøneng Bortne

 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags