Ta språket på alvor! Ved mangelfull kompetanse, be om hjelp.

Aud Lunde frå Sande i Gaular er ikkje nøgd med språket ho møter, korkje hjå offentlege organ eller i lokalavisene.

Aud Lunde frå Sande i Gaular er ikkje nøgd med språket ho møter, korkje hjå offentlege organ eller i lokalavisene. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarEg vert ofte skuffa over språkkompetansen til offentlege organ som er bundne av mållova. Vi har både nynorsk og bokmål som likestilte språk i Noreg. Det krev både respekt og kompetanse. Eg gremmer meg og ofte over språket i lokalavisene våre. Det går i surr med då/når, og/å, og komma vert spreidd utover utan klåre reglar.

Avisene burde framleis ha språksterke korrekturlesarar, men det er nok ikkje ein del av det «kjappe» systemet som medieverda i dag har. Likevel, ta litt generell språkopplæring for dei som i dag skal formidle nyhende og anna til oss. Det er inga skam å erkjenne at ein ikkje har god nok språkkunnskap for begge språka våre, men det er ei skam å sende ut stoff på eit så dårleg språk som vi ofte ser. I vårt område skulle ikkje dette vere noko problem. Her finst fullgod kompetanse som kan hjelpe til med god nynorsk.

Eg kunne og sagt noko om det valde namnet på det nye fylket, bunden/ubunden form, men her er det heller manglande historiekunnskap som rår.

Aud Lunde

Noko av det verste eg ser, er omsetjing ord for ord utan å ta omsyn til korleis ein skal ordne setningane. Kanskje har dei funne eit retteprogram, som berre ser på ord, og då vert det gale. Eg er ofte bedd om å sjå på språk, og det er kjekt, men eg oppmodar særleg følgjande vesen og institusjonar når det gjeld å kvalitetssikre  språket sitt: Nav tek ikkje språk på alvor, og må skjerpe seg. Politiet er mellom verstingane og treng verkeleg forbetring. Vegvesenet prøver, men lukkast ikkje alltid. Høgskulen på Vestlandet  har valt nynorsk som tenestemål, og det er både rett og rimeleg. Eg ser ein del prøve-og eksamensoppgåver derfrå, og ser at språket i eksamensoppgåvene ikkje  alltid er  like godt.

Eg veit at nynorskstudentar vil sjå både nynorsk- og bokmålsutgåvene for å vere sikre på at dei har fått med spørsmåla. Dette kan det gjerast noko med, sikre at språket i oppgåvene er kvalitetssikra. Dette er nokre tankar eg gjer meg om språk og formidling. Eg kunne og sagt noko om det valde namnet på det nye fylket, bunden/ubunden form, men her er det heller manglande historiekunnskap som rår.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags