– Skal folk berre teie? Er det det som er demokrati?

LOVAR Å PRØVE Å HALDE LØFTA: Kinn-samanslåinga handlar om demokrati og om å lytte til folket. Om Senterpartiet skulle måtte gå tilbake på nokre av løfta dei gir i valkampen, lovar femtekandidat Randi Aare (t.v.)  å forklare veljarane kvifor. Her ser du listetoppane i Kinn Senterparti: Randi Aare, ordførarkandidat Sidsel Kongsvik, Fredrik Egeberg, Jan Arve Midtbø, Torgunn Eikevik  og Jon Valur Olafsson.

LOVAR Å PRØVE Å HALDE LØFTA: Kinn-samanslåinga handlar om demokrati og om å lytte til folket. Om Senterpartiet skulle måtte gå tilbake på nokre av løfta dei gir i valkampen, lovar femtekandidat Randi Aare (t.v.) å forklare veljarane kvifor. Her ser du listetoppane i Kinn Senterparti: Randi Aare, ordførarkandidat Sidsel Kongsvik, Fredrik Egeberg, Jan Arve Midtbø, Torgunn Eikevik og Jon Valur Olafsson.

Av
DEL

MeiningarSå er det snart startskot for valkampen 2019. Dette blir en spennande valkamp, for ikkje å snakke om sjølve valet.  Eg høyrer mange vil droppe valet etter det som har skjedd dei siste fire åra , men det er det siste vi må gjere. Vil vi endre på kommunestyret / bystyret så må vi stemme, kvar stemme tel. Kinn Senterparti har eit veldig godt partiprogram, berre les. Det har nok dei andre partia også, men forskjellen er at vi faktisk står for det vi lover, og skal vi måtte bryte eit løfte så lover eg å komme med ei god forklaring om kvifor vi må endre på løftet.

Rådmann Knut Broberg snakka i fellesnemda om at det er penger å spare ved å legge ned grendaskular, er det slik vi skal auke bulysta? I Vågsøy så har vi ikkje så mange skular igjen å miste, men vi skal kjempe for dei vi har og jobbe for å få Skram skule til en god skule å gå på. Så har vi nedskjeringar så det held i pleie og omsorg, det må vi få stoppa. Vi må sørge for fleire  omsorgsplassar og fleire hender til å utføre arbeidet både i institusjon og for dei som bur heime. Dette vil gjere arbeidsmiljøet betre og dermed vil  alle tene på dette. Etter at du har lest Sp sitt program så vil nok tankane komme om kor vi får pengane frå. Ja, dette vil bli ei utfordring. Det legg eg ikkje skjul på. Vi er oss sjølv nærmast, vi vil kjempe for det vi har kjærast og ettersom vi ikkje har ein felles arena med Florø og dei ikkje til oss, så trur eg dette vil bli en dragkamp utan sidestykke.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det blir kjøtvekta som slår til når det skal stemmast, vi i Vågsøy blir i mindretal.

Randi Aare, Kinn Senterparti

Dei som trur at eg ikkje vil ta opp det som har skjedd i Vågsøy angåande kommunesammenslåinga tar grundig feil. Då eg høyrde at politikarane skulle jobbe for ei sterk kystkommune så hadde eg aldri trudd at det var dette som blei resultatet. Når det så gjekk igjennom i formannskapet så tenkte eg at dette får dei aldri igjennom i kommunestyret, men så feil kan ein ta. Og den gleda eg kunne sjå då våre folkevalde hadde stemt mot fleirtalet av folket var var berre trist. Eg legg ikkje skjul på at det fall nokre tårer den kvelden.

I ettertid så vi fått sett litt av kostnadene ved denne samanslåinga, vi har og sett at gulrøttene vi skulle nyte godt av har nermast råtna på rot. Delt kommunesenter? Kven trur at dette er realistisk? Det har allerede vist seg at dette blir vanskeleg og dyrt. Kommunestyre/bystyre/gruppemøte vil gå over to dagar med overnatting og tapt arbeidsforteneste for den som har andre jobbar. Det snakkast om plassering av arbeidsplassar. Innan næringslivet så har vi mange felles interesser med Florø. Eg er redd for at det vil bli en drakamp om desse og kven vil vinne dei fleste kampane? Blir det dei som er nærmast sjukehus, flyplass eit stort bysenter som Førde?

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det blir kjøtvekta som slår til når det skal stemmast, vi i Vågsøy blir i mindretal. Her får vi berre håpe. Det snakkast mykje om demokrati for tida og det er noko vi må verne om. Men er det demokrati når politikarane går i mot over  60 prosent av folkeavstemming og telefonundersøkning? Så blir det sagt mykje om at det er personhets ute og gå, dette er berre trist og uakseptabelt, men så spør eg kvifor? Skal folk berre teie, er det det som er demokrati ?

Så seiast det at ein må skilje mellom sak og person, men ei sak blir ikkje til utan at det er personar som står bak. Hadde politikarane høyrt på folket i ei så alvorleg sak som kommunesamanslåinga med Florø er, så hadde vi ikkje hatt det klimaet vi har i dag. Høyrer om fleire i Vågsøy som vil flytte på seg  og folketalet i Florø har gått ned med 1,13 prosent. Var det dette vi ville? Kinn kommune er en realitet og Kinn Sp vil jobbe for at det blir best mogleg for folket på alle plan. Men viser det seg at det blir for mange grunnstøytingar dei 28 sjømila mellom Vågsøy og Florø, så vil vi starte jobben for reversering. Eg ønsker alle en riktig god sommar. Så gler vi oss til august og håper at vi alle kan bidra med en venleg og god valkamp.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags