På kysten skaper vi vår eiga framtid

KJØTVEKT ER VIKTIG: Ein kommune sitt innbyggjartal er viktigare enn nokon gong når det gjeld kommuneøkonomi, og er såleis eit godt argument åleine for å skape Kinn kommune, skriv vågsøyordførar Kristin Maurstada og Flora sin varaordførar Jan Henrik Nygård i dette innlegget. Dei er begge medlemmer i Fellesnemnda for Kinn kommune.

KJØTVEKT ER VIKTIG: Ein kommune sitt innbyggjartal er viktigare enn nokon gong når det gjeld kommuneøkonomi, og er såleis eit godt argument åleine for å skape Kinn kommune, skriv vågsøyordførar Kristin Maurstada og Flora sin varaordførar Jan Henrik Nygård i dette innlegget. Dei er begge medlemmer i Fellesnemnda for Kinn kommune. Foto:

Av

I Kinn kommune vil ein dei neste 15 åra ha rundt 20 milliardar kroner til å utvikle og drifte tenester i kommunen. Vi skal saman skape eit kraftsenter på kysten der vi sikrar tilflytting og utviklar verdiar av næringsverksemd. Dette vil gje nye inntekter og sikre velferda. Kysten skal vere på offensiven og gjere det vi alltid har gjort; å skape vår eiga framtid.

DEL

Vi er trygge på at Kinn er det rette grepet for å sikre kommuneøkonomien dei komande åra, då vi følgjer ei utvikling som er ønska av dei sentrale styresmaktene. Det er mange element vi ikkje rår over i økonomien til Kinn, men dette gjeld alle kommunane i landet. Framtida vår skal aktivt skapast, ikkje passivt vedtakast. Kor godt vi lukkast er opp til deg og meg.

Det er tre ting vi vil du skal sitte igjen med etter å ha lese dette innlegget:

  • Den økonomiske effektiviseringa og verdiskapinga i Kinn vil ikkje komme over natta, men den skal komme på lengre sikt.
  • Kinn vil ha eit årleg budsjett på over 1,1 milliard, og små detaljar rundt samanslåingsinntekter eller arbeidsgjevaravgift er ikkje det som vil definere om Kinn blir ein suksess eller ikkje.
  • Inntektsauke for ein kommune kjem hovudsakleg gjennom tilflytting. Difor må også Kinn fokusere på å legge til rette for det.

Før vi går inn på desse momenta vil vi først sette fokus på dagens situasjon og prosessen fram mot samanslåinga i 2020.

Ikkje alt er raudt i Flora

Vågsøy og Flora har økonomiske utfordringar slik som mange andre kommunar. Ingen av kommunane har større bufferfond, og ein må kvart år jobbe hardt for å få økonomien i balanse. Kinn kjem ikkje til å snu dette biletet over natta - den store gevinstrealiseringa vil komme på lang, og ikkje på kort sikt.

Det har i nokre innlegg blitt vist til at Flora har ei enorm gjeld, medan Vågsøy har ei sunnare gjeldsgrad. Vi har ikkje lyst å kjede lesarane med lange utgreiingar på økonomi, men vil likevel trekkje fram nyanserande informasjon som vi har fått frå administrasjonen:

  • Flora har eigardelar i Sogn og Fjordane Energi på 4,64 %. Verdien på desse aksjane er estimert til godt over 200 millionar kroner.
  • Flora har inntekter på konsesjonskraft og havbruksfondsmidlar som estimerer seg til over 27 millionar kroner i 2018. Desse vil variere i åra framover, men vil vere gode meirinntekter. 
  • Mykje av gjelda til Flora er sjølvfinansierande, ref. tidlegare innlegg.
  • 94 millionar kroner er lån som Flora har gjeve innbyggjarar som startlån for å hjelpe dei inn på bustadmarknaden.

Alt er ikkje grønt i Flora, men det er viktig for oss å understreke at det ikkje er slik at økonomien i Kinn blir betydelig dårlegare på grunn av Flora.

1,5 strek under svaret i 2019

Både Fellesnemnda og Vågsøy kommunestyre har bestilt informasjon om korleis økonomien blir i Kinn. Dette er lettare sagt enn gjort for administrasjonen å levere godt på i dag. Hausten 2019 vil administrasjonen legge fram budsjett for 2020 og økonomiplan for dei komande fire åra. Innan den tid vil 18 arbeidsgrupper jobbe med å bygge Kinn. Dei fleste av desse gruppene har som oppgåve å sjå på korleis ein skal få til utvikling, effektivisering, gevinstrealisering og omorganisering. Tilrådingane frå gruppene og vedtak gjort på bakgrunn av deira arbeid vil legge føringar for korleis tenestene i Kinn vil sjå ut, og også korleis budsjettet vil sjå ut.

Ei gruppe arbeider med helse og omsorg, ei anna arbeider med arbeidsgjevarpolitikk og omstillingsavtale, medrekna harmonisering av løn. Løn er noko som er mykje diskutert. Prosjektrådmannen har vist til at før gruppene er ferdige med sitt arbeid, vil det vere vanskeleg å skissere både korleis det totale kostnadsbiletet vil bli og kva som er årsak til den generelle lønsskilnaden mellom Flora og Vågsøy. Her spelar faktorar som lokale forhandlingar, ansiennitet, utdanningsnivå og skilnad i arbeidsgjevaravgift inn.

Nasjonale politiske avgjersler gjer budsjettering usikkert

Kinn vil ha eit årsbudsjett på rundt 1,14 milliardar kroner i 2020, samla rundt 20 milliardar kroner fram til 2035. Det er mykje pengar til å drive offentlege tenester og samfunnsutvikling med.  Det er tre forhold som i størst grad påverkar inntekta til ein kommune:

  • Nasjonale politiske avgjersler og vedtak
  • Innbyggjartal
  • Kommunale investeringar, avgifter og eigedomsskatt

Dei to viktigaste faktorane er dei to første.

I det årlege budsjettframlegget av regjeringa vil inntekter til kommunane verte vedteke. Dagens regjering har bestemt at frivillige kommunesamanslåingar skal premierast; nye tal frå KS viser at Kinn vil få 226,7 millionar meir i perioden 2017-2034 enn om kommunane hadde stått kvar for seg. Det gjev oss nye moglegheiter til å bygge og utvikle kommunen, ikkje minst gjennom samanslåingsprosessen i seg sjølv. Allereie i dag sikrar omstillingsmidlane balanse i dei kommunale budsjetta, inkludert i Vågsøy.

Frå 2035 blir det lagt opp til ei fjerning av ekstratilskotet (5,4 millionar årleg) til dei samanslåtte kommunane, då denne ekstra støtta er for totalt 20 år. Nokre av innbyggjarane har sett fokus på denne reduksjonen, og viser til at etter denne perioden vil Kinn kommune vere dårlegare stilt enn Vågsøy og Flora kvar for seg. Dette er vi sterkt usamd i. I 2035 er dette fråfallet tilsvarande 0,3-0,4 % av inntektene til Kinn, og i mellomtida har vi kompensert dette med vekst og nye inntekter.

Vidare er det vesentleg å ha med seg at det som blir bestemt i dag, ikkje nødvendigvis står om 20 år. Dette er det fleire døme på. Inntektssystema for kommunane blir revidert om lag kvart femte år, og desse revideringane kan gje utslag på både godt og vondt for Kinn, på same måte som det ville gjort det for Vågsøy og Flora. Det skjer òg andre endringar jamleg som påverkar kommuneøkonomien, til dømes justering av vekstkommunetilskotet, småkommunetilskotet, ny distriktsindeks og justering av regionalpolitiske tilskot. Konkrete døme på større saker som er vedteke  eller diskutert rundt kommuneøkonomien er: 

  • Dagens regjering har ønske om at kommunane skal få ta del i selskapsskatten, som i dag går til staten. Ei slik justering vil i stor grad spele inn på Kinn sin økonomi, på både godt og vondt, avhengig av korleis selskapsskatten vil kunne påverke andre rammetilskot.
  • Barnehagelærarnorma og lærartettheitsnorma fører til nye krav til tal tilsette og kompetansenivå. Kostnadane kan her bli store både i form av tilsetjingar og kompetanseheving.

Som de ser er biletet komplekst, og det er ikkje fråfallet av reformtilskotet frå 5,4 million til 0 som vil ta knekken på Kinn. Framtida kan altså ikkje lesast ut av den såkalla “Telemarksrapporten” no i 2018, korkje for Kinn, Flora eller Vågsøy sin del. Denne framtida må skapast med Stortinget og Vestland fylkeskommune på laget.

Størst av dei alle er innbyggjartal

Den soleklart største effekten har innbyggjartal. Vi vil gjenta det som tidlegare er skrive i eit innlegg: “Kinn er meir enn diskusjon om desimalar og nøkkeltal. Det vi som ny kommune kan gjere noko med, og som vil ha størst effekt på inntektene til Kinn, er eit godt næringsliv og folketalsvekst”.

Når ein i Kinn snakkar om å bygge eit kraftsenter på kysten, og at ein skal skape nye og gode arbeidsplassar, private som offentlege, er det ikkje noko politikarane seier fordi det høyrast fint ut. Det er den sikraste måten å auke tilflytting på, og det igjen er det viktigaste punktet for ein god kommuneøkonomi. Heller enn å effektivisere og spare oss til fant har vi ambisjonar om å satse på utvikling av eit kraftsenter på kysten. Dette vil ikkje først og fremst gje gevinstrealisering i 2020, men vil sikre at Kinn er ein god kommune å bu i også etter 2034.

Målet til Kinn er å sikre velferdsgoder og tenester til innbyggjarane. Vi har 20 milliardar kroner, 17.500 innbyggjarar og 1600 tilsette til å hjelpe oss på vegen.

(Prosjektrådmann har bidratt med data.)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags