Om prosjektrådmannen og «Fritt vilt»

Kinnforkjemparar og motstandarar diskuterer no arbeidsvilkåra til rådmann Terje Heggheim, og om korvidt den tidvis harde kritikken mot han, øydelegg moglegheitene for effektivt å jobbe med etableringa av Kinn kommune.

Kinnforkjemparar og motstandarar diskuterer no arbeidsvilkåra til rådmann Terje Heggheim, og om korvidt den tidvis harde kritikken mot han, øydelegg moglegheitene for effektivt å jobbe med etableringa av Kinn kommune.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarSvar til Kari Osmundsvaag, Kristine Schielderup, Turid Vika Skram m.fl.

Eg finn det naudsynt å svare på nokre av påstandane som de sette fram i innlegget dykkar og be om at de forklarer litt betre kva de meiner. Det er først og fremst tre saker eg reagerer på:

  1. Underteikna er den einaste politikaren de namngjev i innlegget dykkar. Og så skriv de m.a.: «Det kan verke som dette kom som ei overrasking på nokre politikarar, som no med Nei-til-Kinn-aksjonen i ryggen snakkar fram mistanke om uryddig spel i Vågsøy.”»

Kven siktar de til? Gjeld dette meg? Og kven andre? Og kva mistankar om uryddig spel er det som blir snakka fram? Vær konkrete! Slike påstandar som de kjem med her krev at ein bakkar dei opp.

De skriv vidare at de «ynskjer oss politikarar som no tenkjer lenger fram enn til neste val».  Er dette noko anna enn eit fromt ønske som vi alle kan stille oss bak? Er dette ein insinuasjon om at eg som motstandar av Kinn (og event. andre) ikkje gjer dette? Kvar har de funne mine tankar og meiningar om langsiktigheit vs. kortsiktigheit?

Eg har i mitt første «Kinnkig-innlegg» skrive m.a. dette: «Difor er det viktigare å sjå på kva som er dei sannsynlege forholda i eit lengre perspektiv. Kva taler for og i mot at dei, meir eller mindre fornuftige, intensjonane dagens politikarar har for prosjektet Kinn vil stå seg over tid?»

Igjen: Eg må be dykk vere konkrete. Kva byggjer de utsagnet på? Og kven er det retta mot?

1. «Ingen bør tru at noko vert reversert».  Dette er også ein påstand som krev underbygging. Viss det då ikkje berre er eit ønske frå dykkar side. Kan vi vere einige om at det i alle fall i prinsippet ikkje er noko i vegen for at representantar eller parti i Stortinget kan ta opp forslag om reversering? Det er vel akkurat det Sp har varsla ang. Finnmark-saka? Kven skulle kunne hindre det? Monica Mæland? Ho sit jo ikkje på Stortinget eingong. Ho må som del av regjeringa utføre det Stortinget bestemmer. Kvifor skal ikkje folk i Vågsøy då få lov til å tru at dette kan vere mogeleg, dersom Vågsøy kommunestyre etter ei nei-fleirtal i folket skulle sende søknad om det til Stortinget? Vi kan vere ueinige om kor store sjansane er.

2. Er Heggheim «fritt vilt»? Og i slik grad at han ikkje får gjort jobben sin? Det er det vel berre han som kan svare på. Men dersom de meiner dette i betydninga at han blir ufint behandla så respekterer eg dykkar intensjon om å forsvare han. Men då må eg også be om at de utdjupar kva eg har sagt/skrive som er ufint. Eg må også legge til at mine innlegg i serien «Kin(n)kige spørsmål» var ikkje retta direkte til Heggheim. Det var eit forsøk på å belyse nokre viktige hovudspørsmål. Først og fremst for å bidra til auka opplysning som dei fleste er einige i trengst sårt fram mot folkerøystinga.

Heggheim valde sjølv å svare på det andre innlegget mitt som handla om økonomi. Det takka eg for. Både fordi han tok seg tid til det og fordi han var både sakleg og konkret. Eg har stor respekt for at han og alle andre som jobbar med Kinn-prosjektet har ein stor og krevjande jobb. Likevel må eg seie med heilt ueinig med dykk dersom de meiner at han som Kinn sin fremste talsperson skulle på eit vis fredast eller skjermast frå innbyggarane sine krav om svar på kva dette Kinn-prosjektet vil få å seie for oss i Vågsøy.

Kunnskap om store og viktige spørsmål krev informasjon der alle bidreg for å belyse alle sider. Men det føreset også diskusjon. Eit ryddig ordskifte der folk toler å bli motsagt og avkrevd dokumentasjon for påstandane sine. Å skulde meiningsmotstandarar for at dei held folk for narr ved sin bruk av ordet «fakta» er lite konstruktivt. I det svaret eg bed om bør de legge sakligheitsnivået eit par hakk høgre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags