Listhaug si fantasy-verd

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.«Frp sin framgang handlar om at partiet har byrja å snakke om politikk igjen», sa Sylvi Listhaug til Klassekampen førre helg. Ho peika på at det har vore lite politisk diskusjon siste året, og at folk no er lei av pratet om alt mogleg anna.

For eit politisk parti er det nok alltid lurt å byrje å snakke om politikk. Det trur eg dei fleste kan vere einige i. Spørsmålet er vel kvifor Frp slutta å snakke om politikk i utgangspunktet. Vi kan jo spørje oss kva partiet dreiv med då debattane rasa om masseinnvandring, bompengar og den nye regionreforma. Sat du og spelte eit fantasy-spel Sylvi? At du seier det har vore lite politisk diskusjon siste året, seier meir om at du ikkje heng med i spørretimen, enn at lite har skjedd!

Mazyar Keshvari og Frp vil ha ein strengare integrerings- og innvandringspolitikk med full asylstopp til Noreg, ikkje ulikt Aps innvandringspolitiske talsmann, Masud Gharahkhani, som ynskjer seg mottak i flyktningane sine nærområde. Pest eller kolera er altså Frp og Ap sine svar på den alvorlege flyktningkrisa. At solidaritet er eit framandord for Frp overraskar vel ingen. Men at Ap har kasta ordet på sjøen er meir alarmerande. Partiet talar med to tunger for tida: På den eine sida ynskjer dei tusenvis av flyktningar velkomne til Noreg, og på den andre vil dei sette fotlenker på enkelte asylantar. Det er duka for populisme-konkurranse! Vinnaren får folket, halve kongeriket og tilbod om gratis opplæring i det Kvite Hus.

Sylvi Listhaug meiner Frp må stå på for sakene som veljarane merkar på kroppen, og nemner bompengemotstanden i Rogaland som eit godt eksempel. Endeleg traff ho spikaren på hovudet, tenkjer du kanskje? Ikkje akkurat. For då Klassekampen peika på at bompengeprosjekta er støtta av Frp på Stortinget, svarar Listhaug fylgjande: «Så er systemet i Norge sånn at dersom man lokalt går inn for bompenger, følges det opp av Staten.» Spelar du Pinocchio eller eit troll i fantasy-spelet ditt, Sylvi? For anten blir nasen din lengre og lengre eller så har du så store kunnskapshol at du alt har ramla nedi eit.

Om Sylvi hadde hatt rett, ville kampen om regionreforma for lengst vore avgjort, og lokaldemokratiske David ville ha sigra over Stortings-Goliat.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags