Fjord 1 - minutt for minutt

Stein Malkenes (MDG) stør kritikken mot fylkespolitikarane som Sparebanken Vest sin konsernsjef, Jan Erik Kjerpeseth gjekk ut med tidlegare i veka.

Stein Malkenes (MDG) stør kritikken mot fylkespolitikarane som Sparebanken Vest sin konsernsjef, Jan Erik Kjerpeseth gjekk ut med tidlegare i veka. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarJan Erik Kjerpeseth sin observante gjennomgang av Fjord1-saka i media er presis og dokumenterbar. Hans spørsmål om kva særleg Senterpartiet (Sp), men også dei andre som utgjorde fleirtalet i saka, har lært, er grunnleggande og avgjerande. Mi erfaring frå Fjord1-saka, og den dokumentasjonen og sakshandsaming/ prosedyren eg var med å erfare i fylkestinget, stemmer overeins med Kjerpeseth sine beskrivingar på alle punkt. Mindretalet stilte dei same spørsmåla i fylkestinget som Kjerpeseth no tek opp.

Gruppeleiar Sigurd Reksnes (Sp) sitt svar til Kjerpeseth i media, stadfestar Senterpartiet sitt ”tunellsyn” i saka og viser med all tydlegheit korleis dei tåkelegg realitetane, dersom dei i det heile innser og forstår kva som eigentleg hende og kven som var ansvarleg.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sine uttalar i NRK handlar også om den samme tildekkinga av saka og hennar eiga rolle og ansvar for uføret.

Men har dei lært noko? Nei, diverre. Dermed held dei fram si ansvarsfråskriving. Dette er dårleg nytt for innbyggarane i fylket. Særleg gjeld dette for prosessen med å forvalte verdiane i SFE framover der Sp sit med det politiske ansvaret.

Eg oppmodar media til å følge opp og grave i Fjord1-saka. Den er altfor alvorleg til å la Sp-makta få eigarskapen til historiefortellinga med sine påviselege vrangforestillingar for å dekke over eigne feil. Vi som var mindretalet hadde ei heilt anna oppleving enn Sp-makta fortel om. Det viste seg også til slutt korleis det heile hang i hop. Senterpartiet, Høgre (minus Hollevik), Krf og Frp måtte bøye seg for Konkurransetilsynet og stemme for mindretalet (Ap, Venstre, SV og MDG) sitt opprinnelege framlegg om sal av Fjord1 til Havila. No prøver dei å dekke over dette. Hadde Senterpartiet og fleirtalet sitt framlegg med salg av Fjord1 til sin argaste konkurrent, Torghatten, blitt gjennomført, ville truleg Fjord1 allereie vore vengeklipt som selskap og hovudkontoret på veg vekk frå Florø.

Godt jobba, Jan Erik Kjerpeseth, Konkurransetilsynet og mindretalet i fylkestinget! Heile saka blei strøyma og alle debattar og framlegg kan dokumenterast derfrå.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags