Er det snart Florø sin tur?

Jacob Nødseth rosar Førde sitt arbeid for å sikre seg statlege arbeidsplassar, men stiller samtidig spørsmål ved styremaktene sin strategi andsynet Florø.

Jacob Nødseth rosar Førde sitt arbeid for å sikre seg statlege arbeidsplassar, men stiller samtidig spørsmål ved styremaktene sin strategi andsynet Florø. (Foto: )

Av
DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

Debatt:All honnør og ros til Førde. Men er det ikkje snart Florø sin tur når det gjeld statlege arbeidsplassar?

Det er flott at regjeringa og Venstre vil legge offentlege arbeidsplassar utanfor Oslo, seinast tysdag kom nyhenda om at Førde får 50 nye. Vi i Florø skal vere rause nok til å glede oss på naboen sine vegne, og vegen er ikkje lang frå Florø til Førde.

Likevel synast vegen på merkeleg vis å vere mykje lenger den andre vegen, altså frå Førde til Florø. Førde har saman med Leikanger sett ein formidabel vekst i statlege arbeidsplassar.

Er ikkje behovet for statlege arbeidsplassar i Florø større enn i Førde? Er ei slik handsrekning for mykje å be om?

Jacob Nødseth, Samlingslista

Florø har derimot over tid blitt utarma for statlege arbeidsplassar, seinast i politiet og skatteetaten. Ei viktig presisering er at det er kompetente og veldrivne fagmiljø staten riv ned i kystbyen.

Sett i lys av dette må det vere lov å undrast over det følgjande: Hadde det ikkje vore rimeleg og fornuftig at det no var Florø sin tur? Er ikkje behovet i Florø større enn i Førde? Er ei slik handsrekning for mykje å be om?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags