Eksamen er eit nådelaust opplegg

BER OM NYTENKING RUNDT EKSAMEN: Victoria Halleraker, elevorganisasjonen i Hordaland.

BER OM NYTENKING RUNDT EKSAMEN: Victoria Halleraker, elevorganisasjonen i Hordaland. Foto:

Av
DEL

MeiningarEg trur få vaksne ville akseptert vilkåra me får på eksamen på vidaregåande.

Er det verkeleg nødvendig med eksamen i dag? Denne «testen» som alle må gjennom, og som skapar så mykje stress hjå elevane. Éin dag, der ein sit fem timar i eit rom med dårleg luft og sveitte, nervøse medelevar. Det er situasjonen der me skal prestere og å vise all vår kunnskap? Vidaregåande burde handle om meir enn den eine dagen me skal ha eksamen. Denne prøven tel ein heil karakter på vitnemålet. Dette er ein karakter som føljer mange av oss livet ut. Eg har meir enn éin gang jobba hardt og lenge for å vere best mogeleg førebudd til eksamen. Då er fokuset kva lærar eller sensor er ute etter, eller kva dei vil kome til å spørje meg om.

Eg er redd for å ikkje bli forstått, ikkje prestere godt nok eller at dei som vurderer meg ikkje kan gi meg gode karakterar. Eg er redd for at panikken skal ta meg, og at eg ikkje skal klare å prestere det eg har jobba mot. Fokus på innhaldet og å tileigne meg ny kunnskap og å ha glede av det, forsvinn dessverre for meg med eksamen. Er det berre eg som opplev det slik? Eg trur få vaksne ville akseptert vilkåra me får på eksamen på vidaregåande.

Nokon meiner eksamen er ein test på om ein taklar å arbeide under press. Eg meiner ein kunne oppnådd det med ei mappevurdering. Å få delt ut oppgåver med tidsfrist kan vere press nok. Vidare meiner enkelte at mappevurderingar skaper skilje mellom gode og dårlege elevar. Eg trur heller det er ein mogelegheit for elevar med utfordringar til å utvikle seg i faget, bli motivert, få fram kreative sider og oppleve meistring. Det treng ikkje vere like nådelaust som eksamen. Målet med skulen er jo å tileigne seg kunnskap.

Eg er klar over at me «alltid» har hatt eksamen, men eg er overtydd om at det ikkje er den beste løysinga lenger. Eg synest det er patetisk at dette er noko «alle» må gjennom. Kvifor behalde eit system som kan hindre kreative, dyktige og kunnskapsfulle elevar i å nå det dei vil i livet? Eg tenkjer eksamen er laga til ein A4-elev, som veit kva dei vil spørje om. Dessverre passar ikkje alle elevar inn i malen skulesystemet har forma ut. Alle burde ha like stor mogelegheit til å vise fram det beste i seg sjølv. Elevar i den vidaregåande skulen burde glede seg til å bli vurdert, fordi dei er trygge på at det skjer på ein rettferdig måte.

Det er mogeleg å tenkje nytt. Det finnast andre former for vurdering, derfor ønskjer eg mappevurdering. Det er ein ny måte å vurdere elevane på og ein metode som skåner usikre og nervøse sjeler. Eksamen er og blir eit nådelaust opplegg, og det er opp til oss å gjere noko med det!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags