Det grøne skiftet kan gi lokal verdiskaping

Konserndirektør Geir Johannessen i INC Gruppen har i team med Marita Jarstad og Svein Arne Bjørkedal, forfatta dette innlegget som utfordrar fylkeskommunen på å bli endå tøffare i miljøkrava sine når nye anbodsruter blir laga.

Konserndirektør Geir Johannessen i INC Gruppen har i team med Marita Jarstad og Svein Arne Bjørkedal, forfatta dette innlegget som utfordrar fylkeskommunen på å bli endå tøffare i miljøkrava sine når nye anbodsruter blir laga. Foto:

Av
DEL

DebattVi står ved et vegskilje i dag der vi har moglegheit til å bygge opp ein maritim infrastruktur med nullutsleppsteknologi. Ekspressbåtar er utsleppsversting og dei står for over halvparten av klimautsleppa frå offentleg samferdsle i fylket vårt. Komprimert hydrogen er eit utmerka drivstoff for fartøy som går over lengre distansar, der batteridrift ikkje er mogleg. Vi på Fjord Base vil produsere komprimert hydrogen i gassform ved elektrolyse. Produksjonsanlegget vårt vil være 100 % grønt og utan utslepp av farlege klimagassar. Oppbygging av infrastruktur for grøn hydrogen vil gi meirverdi til samfunnet og ringverknadar til andre maritime selskap i regionen. Dette gjeld både den maritime klynga i Måløy og Brødrene Aa i Hyen.

Her har vi ein gylden moglegheit til å sette regionen på kartet som ein av dei første stader i verda der vi kan produsere og fylle, eller bunkre som det heiter på fagspråket, komprimert hydrogen til fartøy. For å kunne gjere dette så må fylkeskommunen legge inn eit krav om utsleppsfri teknologi på rutepakke 1. Vi er også avhengig av at fylkeskommunen opnar opp for mindre rutejusteringar på rutestrukturen Bergen – Nordfjord, som vil gje eit totalt sett like godt eller betre tilbod.

Bunkring må foregå innanfor ei sikringssone mens båten er tom for passasjerar. Dermed er det ikkje mogleg å bunkre på kaia i Bergen. Her på Fjord Base er det mogleg å bunkre båten, om dei reisande på Nordfjordekspressen bytar båt på kaia i Florø. Når båten stoppar i Florø legg den seg til bunkring, mens dei reisande stig om bord i ein båt som er ferdig bunkra og umiddelbart reiser videre utan ventetid. Det bør sikrast ei universal utforming som vil gjere overgangen mellom båtane optimal for alle reisande.

Vi får moglegheit til å auke frekvensen på persontransport mellom Selje og Florø. Dette vil føre til at vi får eit utvida bu og arbeidsmarknad langs kysten, som igjen vil bidra til å auke verdiskapinga.

Geir Johannessen, INC Gruppen

Då forslaget blei lansert kom det fram noko feilinformasjon. Flora kommune foreslo ikkje å gjere tilbodet til Nordfjord dårlegare, å sette inn ein mindre båt eller å legge ned Nordfjordekspressen. Det er planlagt at den nye båten tar 200 passasjerar mot dagens MS Frøya som tar 190. Vi får moglegheit til å auke frekvensen på persontransport mellom Selje og Florø. Dette vil føre til at vi får eit utvida bu og arbeidsmarknad langs kysten, som igjen vil bidra til å auke verdiskapinga. Dette er slik sett ein vinn-vinn, om ein ser vekk frå båtbytte for dei som skal til Bergen. Etter vårt syn bør ein vektlegge kva som gjev best mogleg pendlarruter til og frå tettstadene langs kysten, når ein skal utforme morgondagens rutestruktur.

Med dagens klimautfordringar er vi nøydd til å gjere endringar som tek omsyn til miljøet. Skal vi bli ein del av det det grøne skiftet, må vi tole å skifte båt. Nokre meiner at flytande hydrogen som har høgare energitettleik og moglegheit for lengre rekkevidde er den beste løysinga. Men ein treng opp imot 30 % meir energi for å produsere flytande hydrogen i forhold til komprimert hydrogen. Flytande hydrogen har også en større investeringskostnad for produsent og fartøy. Dermed blir flytande hydrogen om lag 40 % dyrare for kundane. Vi er sikre på at vi har hydrogen tilgjengeleg innan tidsfristen som er satt til 1. mai 2022, i motsetning til leverandør av flytande hydrogen.

Det er vårt eige fylke som skal betale sluttrekninga for ein grønare ekspressbåt, og då bør ein satse på tilgjengeleg, realiserbar teknologi som kjem fylket til gode. Med andre ord, vi kan levere konseptet som gir mest miljø for pengane. Vi meiner at Fylkeskommunen må vere fleksible i kriteriane sine, slik at dei kan få inn flest tilbod og dermed den beste løysinga og ikkje minst best pris. Skal vi oppnå måla regjeringa har satt for det grøne skiftet må oppdragsgivar legge føringane i konkurransen slik at det totalt settbeste tilbodet vinn fram.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags