«Alt er ikkje greitt i trivselsfylket. Mange ungdomar slit.»

MYKJE KAN GJERAST: Sjølv om kartleggingar viser at dei fleste unge trivest godt både på skule og elles i livet, så svarar så mange som 17 prosent av ungdom i Sogn og Fjordane at dei er einsame. Her er klasse 1STA ved Flora vidaregåande skule, som gjennom ei undersøking i 2015 meinte det blei sett for lite fokus på psykisk helse blant elevane.

MYKJE KAN GJERAST: Sjølv om kartleggingar viser at dei fleste unge trivest godt både på skule og elles i livet, så svarar så mange som 17 prosent av ungdom i Sogn og Fjordane at dei er einsame. Her er klasse 1STA ved Flora vidaregåande skule, som gjennom ei undersøking i 2015 meinte det blei sett for lite fokus på psykisk helse blant elevane. Foto:

Av

Stadig fleire unge strevar med stress, press, depresjon og einsemd, og mange opplever at dei ikkje har nokon å gå til med vanskane sine, syner rapport. Kva kan vi gjere med det? 

DEL

Meiningar
Aller først: Årets tal frå Ungdata syner at dei fleste ungdomane trivst og er godt nøgd med foreldre, vener, skulen sin og lokalmiljøet sitt. Dei aller fleste har ei aktiv fritid der sosiale medium, dataspel, trening, organiserte fritidsaktivitetar, skulearbeid og samvær med vener pregar kvardagen. Fleirtalet har god fysisk og psykisk helse, og dei fleste ser på framtida med optimisme. I Sogn og Fjordane ligg vi også godt an samanlikna med andre fylke.

Likevel er ikkje alt greitt. Noko av det som bekymrar oss mest no ved skulestart, er at 17 prosent av elevane på ungdoms- og vidaregåande skule i Sogn og Fjordane seier dei er mykje plaga av einsemd. Om lag ein av ti har ikkje ein einaste fortruleg ven dei kan lufte problema sine med. I fylket vårt melder dessutan elleve prosent av elevane på ungdoms- og  vidaregåande skule, at dei er mykje plaga av depressive symptom. Dette er del av ein nasjonal trend, einsemda har ikkje vore større sidan Ungdata sine målingar byrja i 2010.

Generasjon prestasjon
 

Røde Kors har også intervjua ungdom over heile landet om stress og press i kvardagen. I rapporten «Psykt flink» fortel mange om eit stort forventningspress, til dømes seier 15 prosent av dei 523 ungdomane Respons analyse har snakka med for oss, at dei opplever å ikkje strekke til på skulen. Over 30 prosent opplever å ikkje strekke til når det kjem til eigen kropp. Når vi spør kvar dei går med problema sine, svarar ein av fire at dei held det for seg sjølv.

Samtidig har vi spurt 101 helsesøstrer om deira arbeidskvardag. Ein av tre svarar at dei ofte eller heile tida må avvise barn og ung på grunn av tidspress. Tenk å bli avvist når du endeleg vågar å snakke med nokon om problema dine! Ein av tre helsesøstrer seier at dei har ansvar for fleire elevar enn norma, og 60 prosent har nesten ikkje høve til å jobbe førebyggande.

Dette er alvorlege trendar som vi må prøve å snu. I Røde Kors lokalt jobbar vi med å få til inkluderande møteplassar og aktivitetar som er gratis, utan prestasjonsjag. Det klarar vi ikkje åleine – ta kontakt med oss! Til slutt tillét vi oss å komme med nokre råd:

Kjære ungdom!
 

Press og stress i kvardagen kan komme frå alle kantar, for eksempel sosiale medier, familie, venner, klassekameratar og ikkje minst deg sjølv. Får desse krava deg til å føle deg betre? Prøv å seink krava litt, gje litt meir blaffen!

Det er heilt vanleg å tykkje at livet er vanskeleg av og til. Ja, nokon gonger er livet noko skit – for oss alle. Men husk at det finst vaksne som er her for deg, uansett korleis du føler deg. Tør å spørje om hjelp! Og du - sjå rundt deg, og ta vare på jamnaldringane dine!

 

Kjære vaksenperson!
 

Lytt og spør! La barn og unge få snakke ut om ting dei har på hjartet og føle at du som vaksen er der for dei. Dersom ungdomane tykkjer at dei ikkje har nokon å snakke med om problema sine, opplevast vanskane deira truleg verre. Det kan gå ut over både skule, arbeidsliv og mental helse.

Det er ein tydeleg samanheng mellom skulestress og depressive plager. Det er også ein klar samanheng mellom depressive plager og eigen oppfatning av kroppsbilde hjå ungdom i ungdomsskole og vidaregåande. Pass på kva forventningar du set!

Kjære politikar!
 

Støtt opp om opprettinga av gratis og nøytrale sosiale møteplassar der ungdom kan henge utan forventningspress og stress. Tenk langsiktig om støtteordningar for førebyggande arbeid hjå ungdom.

Syt for at det finst nok helsesøstrer og andre vaksenpersonar på skulane, og at ungdommen har gode samtaletilbod. Dette er dessverre ikkje tilfelle i mange kommunar i dag. Minstenorma til Helsedirektoratet for tal born per helsesøster må følgjast. På barneskulen skal ei helsesøster ha ansvar for 300 elever, på ungdomsskulen 550 elever, og på vidaregåande skular 800 elever.

Prioriter tiltak retta mot familiar med låg inntekt, slik at ungdom frå desse familiane får same mogelegheiter til å delta i samfunnet  som andre ungdomar. Altfor mange dett utanfor på grunn av økonomi.

Synøve Sande frå Svelgen, leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Synøve Sande frå Svelgen, leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags