Kraftkommunane i fylket vårt kan miste 334 millionar kroner

Ingrid Heggø (Ap).

Ingrid Heggø (Ap). Foto:

Av
DEL

Debatt175 distriktskommunar står i fare for å miste om lag fire milliardar kroner i årlege inntekter dersom ny skattlegging av kraftverk vert vedteken. Dette er eit alvorleg brot på samfunnskontrakten om at ein vesentleg del av verdiskapinga skal bli verande i lokalsamfunnet. For Sogn og Fjordane fylke er det snakk om 334 millionar og 16 kraftkommunar vert råka. Det er kraftskatteutvalet nedsett av Finansdepartementet som har komme med dette forslaget. Vertskommunane har tatt alle dei negative konsekvensane ved utbygging, og kan no misse kraftinntektene. Dette vil gå sterkt utover tilbodet til skule, helse og eldre, og regjeringa manglar truverde for å kompenserer fullt ut for bortfall av inntekter.

Kraftskatteutvalet skulle sjå på korleis ein skulle få meir investering og opprusting av vannkraftanlegg. Ikkje ein ny kwh vert utløyst av forslaga utvalet la fram, der dei istaden for angrip det som har vore suksesshistorien bak norsk vannkraft, lokal forankring og samfunnskontrakten . Det som er like alarmerende er at både statsminister og finansminister har hatt mange moglegheiter til å legge heile utvalgsrapporten bort. Det har dei ikkje gjort, så vi står ovanfor ein alvorleg situasjon der eit regjeringsnedsett utval foreslår å ta vekk milliardinntekter frå kommunane, utan forslag for å legge til rette for auka investeringar i vannkraft og utan at Statsminister og finansminister skyt dette ned.

Kraftskatteutvalet føyer seg inn i eit mønster: Eigedomsskatt på verk og bruk som blei vedteken fjerna for to år sidan, der skulle kommunane få full kompensasjon. No får enkelte kommunar kompensert med kun18 %. Taket vart sett på 500 mill sjølv om bortfallet var på 710 mill, og fordelingsmodellen slår heilt urettferdig og vilkårleg ut. I fiskeripolitikken legg regjeringa opp til å samle meir av ressursane på færre hender, og svekkje samfunnskontrakten med kystsamfunna. Vindkraft er eit anna døme: Her er tilliten syltynn til kva innverknad lokalsamfunna faktisk har over eigen natur. Det må vere eit berande prinsipp at dei som får moglegheit til å hauste av fellesskapen sine ressursar skal leggje noko att i lokalsamfunna som tek belastninga ved naturinngrepa.

Slik byggjer vi sterk oppslutnad om viktige distriktsnæringar som petroleum-, kraft-, fiskeri- og havbruksnæring.




Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags