Behald kontantstøtta!

Av
DEL

MeiningarEnda ein gang er det kontantstøtta som skal til livs.
Dei som vel kontantstøtte har tatt eit val om at ein av foreldra skal vere heime fram til barnet er to år, eller har ikkje fått barnehageplass for at barnet er født for seint på året.

I eit samfunn der færre vel å få barn av ulike årsaker, burde vi støtte dei som ynskjer å vere heime eitt år ekstra i staden for å henge dei ut.

Eg vert provosert når valet om å vere heime med barnet vert omtala som alternativ omsorg. Kven kan gje ein betre omsorg enn foreldra? Det er ikkje alle foreldra som meiner det er det beste for barnet å vere i barnehagen når det er eitt år.

Kontantstøtta gjer at foreldra har eit val. Og dette valet gjeld for innvandrarfamiliar og. Det at førstegenerasjonsinnvandrarar frå ikkje vestlege land ikkje har vore i arbeid før dei fekk barn, men fungert som husmødrer.

Det å vere ei husmor er eit ulønt arbeid. Vi må slutte å omtale husmødrene som om dei ikkje arbeidar. Det er ikkje snakk om å vere heime til barnet byrjar på skulen, men at ein har eit val fram til barnet er to år.

Vi veit at barn i alderen 0-2 år er på sitt mest sårbare og toler stress dårleg, og nokre foreldre ynskjer difor å vere heime med barnet til det er to år. Kvifor kan ein ikkje godta at vi er ulike, og at foreldra veit kva som er rett for dei.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags