Ei stemme for dei som enno ikkje har stemmerett

Av
DEL

MeiningarUngane mine elskar filmar om dyreliv og naturen, men etter to episodar av den storslagne Netflix-serien «Our Planet» slo vi av. Ungane blei redde og uroa for framtida.

Eg forstår dei godt. Det 92 år gamle David Attenborough seier, er verkeleg skremmande. Han forklarar kvifor han er så uroleg for klimaendringane. Ungane snur seg til meg. «Kjem det til å gå bra, pappa?». «Kva gjer dei vaksne for å stoppe dette?» Eg svarar så godt eg kan, men høyrer at svara mine ikkje er gode nok.

Eg kjenner på ei sterkt aukande uro. Gjennom sommaren har oppdateringane om klimaendringar kome tett som hagl. Temperaturrekordar over heile Europa. Grønlandsisen smeltar i eit tempo som overraskar dei fleste av oss, og sendte 197 milliardar tonn vatn i havet på ein månad i juli.

På Svalbard har det vore varmerekord 100 månader på rad. Tre av tidenes fem høgste målingar av timesnedbør på Vestlandet er registrert så langt i 2019. Styrtregnet utløyste nok ein gong livsfarlege jordskred. Denne gongen gjekk liv tapt.

Vi er den første generasjonen som merkar klimaendringane. Vi er den siste som kan gjere noko med det. Det er dette norske ungdomar har forstått. Det er derfor dei klimastreikar. Maktesløyse og avsporingar pregar den politiske debatten: Vi går til krig mot bompengar og kjempar mot vindmøller. Få ser ut til å høyre ropa frå ungane våre: Vår framtid, dykkar ansvar!

Vi har lenge visst at innan 2030 må vi redusere klimautsleppa med 50% frå 1990-nivå. Likevel er Norge fullstendig ute av kurs, og har auka utsleppa frå 1990 med 3,4%. Våre klimagassutslepp auka også frå 2017 til 2018. Utan at det ser ut til å plage det politiske leiarskapet vårt nemneverdig.

Norge innførte CO2-avgifta allereie i 1991. I 1997 var Norge pådrivar for den første forpliktande klimaavtalen i verda – Kyotoavtalen. I halve levetida mi har vi vi visst om denne trusselen. Vi har skusla vekk dyrebar tid med avsporingar og politisk maktesløyse. Og no står vi her, ansikt til ansikt med ei lenge varsla klimakrise. Det kunne ha vore annleis. Vi burde ha vore godt på veg til å løyse krisa.

«Leaders of the world, you must lead», er den tydeleg utfordringa frå David Attenborough. Han snakkar til både leiarar i næringsliv og politikk. Ungane våre som enno ikkje har fått stemmerett, forventar at vi vaksne forstår at det er NO vi vel kva framtid dei skal få!

Eg er glad ungane ikkje spør meg kvifor Oljefondet investerer i 39 splitter nye kolkraftverk i land som samtidig får våre skattepengar i stønad for å droppe kolkraft. Det er heilt umogeleg å forklare. Og kven kan forklare kvifor vi ikkje kan elektrifisere norsk sokkel som i dag står for 28 % av våre samla CO2 utslepp, når vi samtidig ville skapt ein infrastruktur for vindmøller til havs?

Om vi ikkje tar leiarskap, sviktar vi ikkje berre ungane våre når det gjeld å løyse klimakrisa, vi sviktar framtida deira på Vestlandet. Vår region er heilt unikt posisjonert når det gjeld å utvikle ny, grøn teknologi for framtida. Desse mogelegheitene må gripast NO for å sikre arbeidsplassar for dei som skal vakse opp utan ein sterk oljesektor.

Framtidig velstand er også avhengig av at vi klarer å halde oss innanfor 1,5 graders oppvarming. Dersom resultatet skulle bli 2 grader (eller meir) peikar Statkraft i en ny rapport på at kostnadane for framtidige generasjonar vil bli enorme.

Gro Harlem Brundtland samanfatta funna frå 91 forskarar frå 40 land på oppdrag av FNs klimapanel då ho sa: «Rapporten er ikkje ein vekkar, den er ei tidsinnstilt bombe. Vi har knapt skrapa i overflata på kva som må gjerast. Ytterlegare svikt vil vere eit skandaløst svik av planeten og framtidige generasjonar

Ungane mine spør utolmodige om Norge kjem til å nå utsleppsmåla i 2030. Vi har ikkje noko val. 9. september må vi gje politikarane våre eit mandat til å gjere det som skal til.

I år stemmer eg for dokkar som ikkje enno har stemmerett!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags