Kvifor er eg for Kinn kommune? 

Kristin Maurstad Ola Teigen Kinn kommune ordførar

Kristin Maurstad Ola Teigen Kinn kommune ordførar Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Eg får av og til spørsmål om kvifor eg er for Kinn, og nokre gonger verkar det som at den andre faktisk ynskjer å lytte – ikkje «ta meg» om du skjønar.

DEL

Meiningar 

Då vil eg gjerne forklare godt kvifor eg er for, det er vanskeleg å gjere det på nokre få setningar. Av denne grunn har eg forsøkt å forklare det skriftleg, og deler dette no for evt andre som er interesserte. Eg skriv ikkje for å overtale andre til å endre sitt ståsted – eg har full respekt for at ein kan sjå annleis på saken. Det er ingen som sit med fasiten i handa på nokre av sidene i denne debatten – det er framtida som vil vise kva som var rett.  

Eg må starte med perioden eg var aktiv i lokalpolitikken (2003 – 2011). Då erfarte eg det politiske spelet og samhandlinga som skjer både nasjonalt, i fylkesting og lokalt. Opplevinga var at det økonomiske handlingsrommet vart stadig knappare, som førte til eit stort behov for å prioritere stramt. Avgjerslene om vårt handlingsrom vart avgjort i Oslo og på Leikanger. Så sat vi i kommunestyret og «krangla» om det som var tildelt vår kommune, lik andre kommunar. 

Eg erfarer at handlingsrommet ikkje har vorte større, uavhengig av kva for regjering som sit. Etter mi meining har det ikkje vore ein dans på roser i Vågsøy dei siste åra. Eg er usikker på kor tid dei store endringane skjedde, men noko har skjedd sidan eg gjekk ut av Måløy vidaregåande skule i 1991. På den tida kan eg ikkje huske at der var kranglar om skulestruktur og lite pengar. Barnetalet var truleg større enn talet på eldre over 80 år, for vi var mange klasser på ungdomskulen. Eg huskar at vi hadde 7A,B,C,D og E. Same for 8 og 9 klasse. No er det stort sett A, B og C.

Fleire grendaskular er lagt ned, og på fylkestinget i Leikanger sit fylkespolitikarane og skal vurdere kva for vidaregåande skular som skal fortsette å ha tilbod. Alle vil ha – men ikkje alle får. På MVS har dei mista tilbod, eg har ikkje den totale oversikta – men registrerer at det er stor pågang på den eine klassa som fortsatt er på studiespesialisering, og at påbygg etter yrkesfag er lagt ned og flytta til Eid. Med jamne mellomrom må lokalpolitikarane kjempe for at vi skal fortsette å få ha det tilbodet vi har på Måløy vidaregåande – i likheit med lokalpolitikarar frå Eid, Florø, Sandane, Stryn osv. 

Der er fleire andre instansar og tenester der framtida vert avgjort utanfor vårt kommunestyre. Statlige  og fylkeskommunale tenester er under press, og vi har opplevd å miste tilbod og tenester lokalt. Eksempel er Tollvesenet, Skatt Vest, og det er ikkje lenge sidan det var stor mobilisering for å behalde Fiskeridirektoratet i Måløy. Politireforma gjer at organisering av lensmannskontora er i endring, og eg personleg blir ikkje overraska om vi i løpet av eit år eller to må reise ut av Vågsøy for å få ordne oss pass. Kampen mellom kommunane om å behalde – og få tilført – statlege og offentlege arbeidsplassar er og blir stor. Eg er opptatt av desse arbeidsplassane, fordi vi treng ei bredde i type arbeidsplassar dersom vi skal få fleire til å flytte hit. 

Endring er skummelt. Vi veit kva vi har, vi veit ikkje kva vi får. Eg trur at dei fleste baserer sitt ståsted i Kinn-debatten på meir eller mindre kjensler som frykt, og tidlegare tenkte eg at det handlar mest om frykta for det ukjende. Men eg har komen til at sjølv om eg ikkje har frykta for det ukjende, så handlar det også om meg om frykt. Frykta for at vi om 30 -50 år set med ein liten barneskule som har plass til dei få barna vi har her i kommunen, der vi har enda mindre handlingsrom fordi dei fleste som bur her er pensjonistar som naturleg nok ikkje bidreg til kassa slik ein yrkesaktiv gjer.

Eg er ikkje bekymra for at ikkje eg, og dei på min alder skal ha det fint i Vågsøy – eg er bekymra for om det blir tilbod igjen her for dei som kjem etter oss. Ja, det høyres kanskje dramatisk ut, men jammen har Vågsøy endra seg mykje sidan 80-talet. Eg likar ikkje trenden og utviklinga, og eg er derfor ikkje der som eg høyrer Kinn-motstanderen ofte seier: Vi klarer oss fint aleine. Eg har større ambisjonar for Vågsøy enn det som er dagens utvikling og situasjon. Og særleg når resten av regionen vert fylt opp med større kommunar med større makt der dei viktige avgjerslene vert tatt.  

Ok – så er eg for kommunesammenslåing. Kvifor Kinn? 

Eg høyrer om «kjøtvekta» som etter kvart blir skummel for oss i Vågsøy. Eg klarer ikkje å sjå det slik. For det første tenkjer eg at kjøtvekta i Oslo og i Bergen vert den som avgjer dei sentrale rammene. For det andre har eg erfaring med å sitte i kommunestyret og tenke kommunen som heilhet. Sjølv om eg var  frå Halsør og budde i Måløy, så betydde ikkje eg at eg ikkje ville dei andre bygdene vel. Eg syntes det var litt underleg med Bryggjalista, der det sat representantar som hadde på sitt program at dei skulle kjempe for Bryggja.

Vi andre skulle kjempe for kommunen som heilhet. Ut frå den erfaringa, ser eg for meg at det ofte er dei minste som kjempar mest for seg sjølv og mindre for alle, og ikkje den største. Det handlar til slutt om tillit. Eg har tillit til at dei som driv med lokalpolitikk på fritida si i hovudsak gjer det for at ein brenn for at alle innbyggjarane i kommunen si skal ha det så bra som mogeleg – uavhengig av kvar i kommunen dei bur. Det er der det viktige handlingsrommet kjem inn – jo betre handlingsrom – jo betre tenester.

Så høyrer eg at det brukast argument som «eg er aldri i Florø», og «eg møtte mange Vågsøyværinger på Eid». Hm…. Eg kan ikkje huske sist eg var på Kvalheim, Vedvik, Oppedal, Vågsvåg, Husevåg ….. helt ærlig – radiusen min er stort sett heim – jobb – Rema 1000 – hytta mi på Harpefossen. No har det seg sånn at eg tilfeldigvis er ofte i Florø på jobb, og har vore det dei siste 4 åra, men kva så?

Nokon er ofte i Ålesund med barna til kjeveortoped – kva så? Må vi være mykje i heile kommunen vi bur i for at det skal være gyldig? I så fall slit eg allereie med vår eiga kommune. Og vi kan vel trivast i andre kommunar også? Eidarar er hjerteleg velkomne til Vågsøy, og eg opplev at vi er velkomne hos dei. Poenget for meg må være at eg ikkje må reise 1 time for å få tilgang på dei kommunale tenestene, om det er innover til Eid eller sørover til Florø. Eg trur det er størst sjans for å sleppe det med Kinn.

Konklusjon: Eg meiner at Kinn vil være positivt for å sikre Vågsøy ( og Flora – og kysten) sin utvikling og eksistens i det lange løp. Derfor er eg for.  

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags