Kinn – norges mest innovative kommune

Martin Hagen.

Martin Hagen. Foto:

Av
DEL

MeiningarFør eg startar må eg berre kommentere avisinnlegga til Eimhjellen kort. Han lagar altså nyleg i del 1 av innlegget sitt eit budsjett med berre utgifter, før han i del 2 legg inn ekstrainntektene frå staten i forbindelse med reforma. Han legg deretter inn ei utgift på ei arbeidsgivaravgift som ikkje blir vedtatt noko om før i 2021. I 2021 kan det komme endringar i heile systemet for differensiert arbeidsgivaravgift og det kan komme kompensasjonsordningar for kommunar som kan få auka arbeidsgivaravgift. Han legg altså inn i budsjettet sitt noko som ikkje er vedtatt, og konkluderer med det som fakta.

Igjen omtalar han også lånegjeld utan å nemne sjølvfinansieringsgrada på gjelda. Ei høgare sjølvfinansieringsgrad betyr at ein større del av låna er knyta til investeringar der brukarar betaler for å bruke tenestene, for eksempel på sjukeheimar der brukarane betaler for å bu. Det gjer dei i alle kommunar. I andre kommunar der sjølvfinansieringsgrada er lågare, kan for eksempel gjelda i større grad vere knytt til for eksempel ein ny ungdomsskule der gjelda må dekkast av driftsbudsjettet til kommunen, i staden for å betale seg sjølv. Eit kort eksempel: Når Flora kommune no skal investere 100 mill. kr på 32 nye omsorgsbustader, så blir 45 mill. kr kompensert frå Husbanken, 20 mill. kr i momskompensasjon og 35 mill. kr bli dekka av husleigeinntekter. Investeringa blir altså oppført som 100 mill. kr i gjeld, men vil finansiere seg sjølv og koste kommunen 0 kr. 

Eimhjellen nemner ingenting om driftsbudsjetta til verken Vågsøy eller Flora, ingenting om fondsmidlar, ingenting om vedlikehaldskostnadar, ingenting om kraftaksjane til Flora som er verdt nesten 250 mill. kr, og prøver i tillegg å skape eit slags fiendebilde mot Flora om at dei vil sluke oss. Flora-delen vil ikkje ha noko å tene på å bygge ned ein tredjedel av kommunen sin, det ville vore absurd. Eit nytt Kinn senterparti, eller Kinn høgre vil måtte søke veljarar i heile kommunen, ikkje berre i Flora. Han omtalar også demografikostnadar utan å nemne at det i inntektssystemet til kommunane ligg ordningar som gjer at ein får høgare overføringar dersom ein har fleire eldre eller yngre, altså menneskje som ikkje er i arbeidsfør alder.

At Eimhjellen omtalar innlegga sine som økonomiske realitetar blir derfor heilt feil.

Eimhjellen prøver å skape eit slags fiendebilde mot Flora om at dei vil sluke oss. Flora-delen vil ikkje ha noko å tene på å bygge ned ein tredjedel av kommunen sin, det ville vore absurd.

Eg noterer meg også at stortingsrepresentanten Karin Andersen som representerer SV (i opposisjon på stortinget) uttalar seg negativt om Kinn i Firdaposten nyleg. Ho gjer det på ein måte som tenderar til det barnslege. Ho set seg ikkje inn i dei lokale forholda og vel å omtale det berre som ein knipetangsmanøver for å tvinge Bremanger inn, og kommenterer ikkje kva situasjon Vågsøy og Flora står i, ikkje noko om kysten i Sogn og Fjordane, ikkje kva ein kan oppnå med ei samanslåing, ingenting om at lokalpolitikarane ønsker dette sjølv om Bremanger ikkje blir tvinga inn, og ho seier at ho ”sjølvsagt” 2 gongar har stemt i mot ei samanslåing som hadde politisk fleirtal lokalt. Ho ville altså ikkje høyre på det lokale sjølvstyret når dei to kommunane ba om å slå seg saman, men vil no høyre på dei dersom dei vil løyse seg opp att.

Når ho følger opp dette med å argumentere for frivilligheit, blir det jo rimeleg sjølvmotseiande. Det einaste ho uttaler er at ho syns dette er ei merkeleg samanslåing. Det er svært lite opplysande for kvifor ho meiner det ho gjer, men det er lett å uttale seg nedlatande når ein i lag med senterpartiet utgjer eit mindretal på stortinget som er i mot. Professor Frank Aarebrot kalla det eit kraftsenter på kysten, byrådsleiaren i Bergen seier det er eit spennande prosjekt og at resten av Vestlandsregionen har noko å lære av Kinn og 129 av 169 representantar på stortinget vil ikkje reversere kommunesamanslåinga. Nok om det.

Det viktigaste med denne samanslåinga er å skaffe seg meir makt opp mot eit nytt regionsenter i Bergen for å sikre dei vidaregåande skulane, skaffe seg midlar til dei elendige fylkeskommunale vegane våre (på Raudeberg, Måløy-Vågsvåg, Kystvegen osv.), sikre statlege arbeidsplassar som fiskeridirektoratet, tannlegekontor, jobbe for nye statlege arbeidsplassar som skal flyttast ut av Oslo osv. Ein skal skape synergiar i ein ny moderne kommuneorganisasjon, som vil vere langt meir attraktiv å jobbe i for unge heimflyttarar.

Vågsøy har i dag ei planavdeling som er så lavt bemanna, at saker må vente, og dermed hopar seg opp. Dette taper i dag næringsliv og innbyggarar på.

I forhold til næringslivet, så håper eg også dei engasjerer seg i debatten vidare. Det er dei som skal skape arbeidsplassar å flytte heim til, og kva dei meiner rundt dette, meiner i alle fal eg er viktig.

I forhold til næringslivet, så håper eg også dei engasjerer seg i debatten vidare. Det er dei som skal skape arbeidsplassar å flytte heim til.

Om Vågsøy skal sitje att aleine, vil vi slite. Ein del argumenterer med at det fortsatt vil vere mange små kommunar i Norge, men mange av desse er så små at ein heller ikkje har ein vidaregåande skule eller statlege arbeidsplassar som fiskeridirektoratet, som ein kan miste. Vi vil også få ein nabokommune med nærare 9400 innbyggarar i Stad (med Bryggja), i tillegg til ei Sunnfjord kommune med ca 21 850 og nye Sogndal kommune med rundt 11 600. Kinn vil bli ca 17 500 innbyggarar og vere nest størst i Sogn og Fjordane.

Så til poenget.

Delt kommunesenter – ei strålande løysing

Ein skal bygge ein ny kommune. Ein skal bygge ein ny kommuneorganisasjon. Eit delt kommunesenter vil gi betre forståing og kjennskap både hos politikarar frå Flora som skal representere både Flora og Vågsøy, og politikarar frå Vågsøy som skal gjere det same. Med kommunestyremøte begge stadar er det meir sannsynleg at ein kan utnytte tida og gjere seg kjent i større delar av kommunen og verkeleg skape ein følelse av å dra i lag og skape eit fellesskap.

Eit delt kommunesenter vil gi betre forståing og kjennskap både hos politikarar frå Flora som skal representere både Flora og Vågsøy, og politikarar frå Vågsøy som skal gjere det same.

Ein rådmann som skal drifte heile kommunen vil også lettare skaffe seg betre innsikt begge stadar for å drive den nye kommuneorganisasjonen på ein god måte for alle innbyggarar. I mange andre kommunar samlar ein stort sett heile senteret for den nye kommunen på ein stad og skaper eit sentrum der. Mange kommunar tenkte nok ikkje på moglegheitene for delt kommunesenter i det heile teke, fordi det er ein heilt ny måte å drive kommune på. Det løyser altså eit problem som i mange kommunar skaper ei sentrering rundt ein stad.

Delt kommunesenter er ein av dei smartaste, mest innovative, løysingane eg har sett i kommunereforma, og legg eit fantastisk grunnlag for nettopp å bygge ei ny kommune der alle er med. Det vil legge grunnlag for eit godt samarbeid og betre forståing mellom politikarar og innbyggarar i ein ny samla Kinn kommune. Ein skal sentralisere nokre avdelingar til Måløy og nokre avdelingar til Florø, mens for eksempel ei ny serviceavdeling, som planavdelinga bør ha representantar begge stadar. Dette vil gi synergiar og grunnlag for å gi innbyggarane betre tenester, der ein for eksempel kan bruke mindre pengar på administrasjon, omfordele ressursar meir fornuftig innad i administrasjonen, og gi fleire hender til for eksempel eldreomsorg. Ein kan diskutere om fordelinga av administrative arbeidsplassar mellom Måløy og Florø bør vere 50/50 eller 40/60 osv., men å flytte alt til ein stad, for eksempel til Måløy, meiner eg ikkje er ei god løysing.

Nokre argumenterer for at dette samarbeidet kan vi jo ha på kysten uansett. Då vil eg berre be folk om å sjå på historia. Kysten av Sogn og Fjordane har tapt på fleire nivå i mange ti-år. Det er på tide å finne saman og utvikle kysten.

Norges mest innovative kommune, med delt kommunesenter mellom dei 2 sterke næringslivsbyane Måløy og Florø, vil bli ein motor for næringsutvikling mellom Ålesund og Bergen;

Det vil bli eit kraftsenter på kysten!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags