Kinn mot stupet?

Frank Willy Djuvik, her under eit møte i Fellesnemnda  for Kinn kommune. T.v. Jacob Nødseth, i midten Nils Myklebust.

Frank Willy Djuvik, her under eit møte i Fellesnemnda for Kinn kommune. T.v. Jacob Nødseth, i midten Nils Myklebust. Foto:

Av
DEL

MeiningarEg må berre beklage. Då eg våren 2017 stemde for at Flora kommune skulle slå seg saman med Vågsøy kommune, så klarte eg i min villaste fantasi ikkje å sjå føre meg kva konsekvensane vart.
Eg hadde aldri trudd at enkelte av politikarane i Vågsøy ville føre folk bak lyset ved å gjennomføre ei folkeavstemming ETTER at vedtaket i Stortinget vart fatta, vel vitande om at dei ikkje eingong sjølv ville følgje resultatet.
 

Eg overvurderte og enkelte av mine politikarkolleager sin evne og vilje til å ta fornuftige økonomiske og organisatoriske val, som kunne gjort Kinn kommune til ein suksess.

Ideen om Kinn kommune er både god og fornuftig. Ein sterk kommune på kysten av Sogn og Fjordane som kan være ein aktiv pådrivar for verdiskaping og vekst, ein kommune med tyngde og gjennomføringskraft til å realisere viktige infrastrukturprosjekt og ha ei sterk stemme i nasjonal og regional samanheng. Problemet er at politikarane frå AP, Høgre og Venstre har ført til at den ikkje er det.

Fagre løfter i valkampen om gratis skulemat, fleire hender i omsorga, opprusting av skulebygg og satsing på næringsutvikling, høyrest for meg hult og fjernt ut. Pengane og ressursane som kunne gjort dette muleg er allereie brukt opp for mange år framover. Korleis ein skal kunne gjennomføre dette, samstundes som ein skal kutte budsjetta med fleire titals millionar i året, er for meg ei gåte.

Partia til Ola Teigen, Morten Hagen og Jakob Nødseth har allereie køyrt økonomien i dei to kommunane i grøfta lenge før samanslåing i det heile tatt er ein realitet. I Vågsøy vedtok AP, Høgre og Venstre i juni å sende rekninga for manglande økonomisk styring og prioritering til innbyggjarane i form av auka eigedomsskatt, i Flora vedtok dei same partia å bruke hundrevis av millionar på å byggje nytt rådhus. Når så kostnadane og dei menneskelege ressursane ved sjølve samanslåinga kjem på toppen av dette, så skjønner dei fleste at dette ikkje går i hop med dei løfta som politikarane no proklamerer i valkampen.

Når ein skal byggje ein ny kommune, så skulle ein tru at dei fleste ville tenkje at no har vi høve til å organisere oss og byggje kommunen på ein mest muleg effektiv måte, slik at vi kan frigjere ressursar til å levere betre tenester til innbyggjarane. Men overraskande nok har både politikarane og administrasjonen vald det motsette. Forhandlingsutvalet beståande av Høgre, Venstre og AP godtok ei rekordløn for den nye rådmannen i Kinn, noko som og legg føringar på andre leiarar si løn i kommunen. Eventuelle positive økonomiske effektar av samanslåinga vert såleis spist opp av auka leiarløner og administrasjon.

Uavhengig av om vi er ein kommune eller to, så har kysten enorme muligheiter for vekst, utvikling og verdiskaping. Men på kort sikt, så må diskusjonen og valkampen handle om korleis ein kan «redde» tenestetilbodet frå total rasering. Det hjelp lite å stemme på dei same politikarane som har sett oss i denne situasjonen, om ein ynskjer å få endring.

Om vi skal lukkast med å gje innbyggjarane eit best muleg tenestetilbod samstundes som vi skal være viktige støttespelarar for næringslivet for å skape framtidsretta arbeidsplassar og verdiskaping på kysten, så treng vi ressursar og handlekraft. Dei tre styrande partia har synt at dei ikkje er i stand til å gje oss nokon av delane.

Politikk handlar om prioritering, og vel ein det eine, så får ein ikkje det andre. Kinn FrP prioriterer nytt undervisningsbygg på Skram skule i staden for nytt rådhus i Florø, vi prioriterer å gje elevane på Florø Barneskole gymsal heller enn ny fotballhall, og vi prioriterer å auke grunnbemanninga i eldreomsorga i staden for auka leiarløner og administrasjon. I tillegg til det så vil vi aldri finne på å sende rekninga for vårt eige økonomiske rot vidare til innbyggjarane i form av eigedomsskatt.

Men mi viktigaste oppfordring er likevel, ikkje sit heime på valdagen. Om du sit heime, så er det berre meir makt til dei same politikarane som har sett oss i denne situasjonen. Bruk stemmeretten til å gje beskjed om kva du vil prioritere dei neste fire åra. Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags