Kinn – klaging eller utvikling?

Jacob Nødseth

Jacob Nødseth Foto:

Av
DEL

MeiningarMed Florø og Måløy i front har vi no gått inn i ein ny kommune, i eit nytt fylke i eit nytt tiår. Kinn Venstre har trua på framtida og vil gjere vårt for at alle delar av den nye kommunen skal gå framtida i møte på best mogleg vis.

Det er ikkje ei lett oppgåve å slå saman kommunar. Vi som har vore med på dette i nokre år no veit alt om det. No er vi likevel komen så langt at det må vere slutt på å måtte argumentere om kvifor Kinn, no må det for alvor handle om korleis Kinn. Venstre er langt frå samd i alt det politiske fleirtalet i kommunen og administrasjonen gjer i samanslåingsprosessen, ofte har vi kjent på både frustrasjon og motløyse, men vi har valt å ikkje kringkaste det for tydeleg utad. Vår sentrale motivasjon har handla om at kysten må få ei meir sentral rolle i samhandlinga med andre kommunar, fylke og stat. Vi må framsnakke kommunen vår, for det er ikkje så mange andre som tar den oppgåva. Florø og Måløy må få meir igjen av storsamfunnet si kake i form av offentlege arbeidsplassar frå fylke og stat, og vi må jobbe fram ei målretta satsing på å bygge byane våre. Tett på havet, med fisk, olje og gass – og overgangen til fornybarnæringane: Det er i alle si interesse at Kinn lukkast. Det er her det store utviklingspotensialet i vår region er, i eit samspel mellom næringsliv og offentlege myndigheiter.

Vi må ville satse, vi må ville omstille, vi må tenke nytt – og kva er vel eit betre uttrykk for dette enn danninga av Kinn? Mange kritikarar gjer tapre forsøk på å skape ein sentrum-periferi-konflikt i den politiske samtalen i Kinn. Framover må vi etter kvart våge å parkere denne debatten, og løfte også det vi har av urbane kvalitetar; for å bygge heile kommunen. Det blir meir interessant å bu i Vedvik om næringslivet i Måløy og på Raudeberg går godt. Det har ein verdi at sushien på La Voile i Måløy er betre enn i Bergen, og at når regnet piskar gjennom Strandgata så kan ein stikke innom Lille Marked og ei lita stund få følelsen av by. Det blir meir interessant å bu i Eikefjord om du ikkje berre kan pendle til statlege arbeidsplassar i Førde, men også til Florø. Vi må ha meir og betre byutvikling i tida som kjem, i smått og i stort. Det er heilt avgjerande skal vi vinne kampen om dei unge – om framtida.

Kritikken mot kommunesamanslåing har i vår del av landet fått tydelegast uttrykk i Vågsøy. Ein kan knapt få det verre enn i Kinn, der Måløy blir utarma til fordel for Florø, kan ein få inntrykk av. I Sunnfjord kommune ser ein ei storstilt sentralisering frå dei «gamle» rådhusa til Førde, medan ein i Kinn kommune arbeidar målretta for å halde opp og styrke aktivitet i både Måløy og Florø. Det er eit stort tankekors at det likevel er frå Vågsøy klagesongen er sterkast.

Den regelrette sorgprosessen i samband med samanslåinga er eit tydeleg teikn på kor godt vi har det i dette landet. Mange vil nok med sjokk og vantru møte våren på Halsør og på Stavøy og sjå at ikkje stort har endra seg, sjølv om administrative grenser har det. Venstre sitt mål er at endringa skal merkast som noko betre: At du får raskare og smidigare svar på søknaden din om å bygge garasje, at du får barnehageplassen eller omsorgstenestene dine nære treng. At kommunen blir enklare og raskare tilgjengeleg gjennom ny teknologi. At du som innbyggjar opplever at kommunen er der for deg når du treng kommunen din. At politikarane dreg lasset saman, set dagsorden og saman med næringslivet sørger for at det blir spanande, trygt og meiningsfullt å leve her. At fleire får opp auga for alle våre kvalitetar, at vi griper moglegheiter og skaper verdiar.

Alternativet er å gjere som mange har gjort i tiår etter tiår: Sutre over tapte slag og konstatere at alt var betre før. Eg kan berolige alle pessimistane der ute om at det er rikeleg med skjær i sjøen og mange moglegheiter til at Kinn framleis kan bli ein dundrande fiasko. Sjølvsagt er det for mange i god tradisjon freistande å krysse fingrane for at akkurat det skjer og glede seg over at ein i caps lock kan utbryte eit triumferande «KVA VAR DET EG SA!?» på «Nei til Kinn» si muntre og optimistiske Facebook-gruppe. Eg vil utfordre desse: Kan de ikkje heller orientere dykk mot utvikling, framfor klaging?

Vårt håp er at alle vil brette opp ermene, sjå framover og gjere sitt for at Kinn blir så offensiv, nytenkande og positivt som mogleg. At vi realiserer kysten sitt potensial, ikkje berre pratar om det. Vi må forsterke alt det som er positivt, rette opp i ukultur og det som ikkje har virka på tiår, og snu dei negative utviklingstrekka vi ser så mange av. No har vi verkeleg anledninga! Det bør vere nyttårsforsettet til alle som bur i Kinn kommune. Skal vi lukkast kan ikkje så mange henge fast i ei tid som er forbi. Går vi saman er det omtrent ingen grenser for kva så mange flinke folk kan få til, anten ein var for eller mot kommunesamanslåing då det var tema. Godt nytt år!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags