Jau, takk Høgre!

Terje Heggheim.

Terje Heggheim. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarEg er blant dei som syns det er ubehageleg  å lese i avisa at eg ikkje gjer jobben min.  Som prosjektrådmann må eg finne meg i det.  Rolla mi tilseier at eg skal vere varsam med å engasjere meg i den politiske debatten.  Rolledelinga i ein offentleg organisasjon er slik.  Det er likevel eitt forhold som gir meg heimel til å ta del i ordskiftet.  Det er når ein i debatten rettar seg direkte til meg eller omtalar rolla mi.  Som Høgre i Vågsøy gjer no.

Eg les i Fjordenes Tidende at leiaren i Vågsøy Høgre seier at «fellesnemnda og prosjektrådmannen godt kunne ha brukt tiden bedre. En forutsetning for at det blir Kinn kommune er at vi får den informasjonen vi ba om med tanke på delt kommunesenter og økonomi. Det er vesentlig informasjon som burde ha vært prioritert å få ut fortere enn det som har vært tilfelle. «

I beste fall tar eg utsagnet til inntekt for manglande forståing for korleis prosjektet er organisert.  Fellesnemnda (FN) har godkjent ein prosjektplan med 16 arbeidsgrupper.  Politiske så vel som administrative.   Dei følgjer tidsplanen FN har bestemt.  Arbeidsgruppe 1 steller med saka som skal danne grunnlag for to kommunesenter.  Dei hadde sitt siste møte tysdag denne veka.  No skal eg bestemme meg for to tilrådingar til FN.  1. Den overordna organiseringa av kommuneleiinga og kva stillingar som skal inngå i den. 2. Korleis skal desse stillingane og funksjonane fordelast mellom Måløy og Florø.  Saka vert sendt ut 11. april og handsama i FN 17.april. 

Eg forstår ikkje at Vågsøy Høgre meiner eg skulle brukt tida mi betre.  Eg bruker tida slik FN har bestemt eg skal bruke den.  Eg bruker tida mi slik Rolf Domstein i saman med dei andre i nemnda har sagt.  Er dette det same Høgre som i FN nettopp bad meg om å tenke på rolla mi, spesielt i den situasjonen vi no er i?  Då slo FN fast at eg skulle delta på folkemøter med balansert faktainformasjon. Utover det skulle eg vere forsiktig med å engasjere meg i debatten. Om eg hugsar rett var det Vågsøy Høgre sin representant som sa det slik.  Eg prøver etter beste evne å vere lojal mot desse føringane frå FN.  

Eg skjønar at politikken av og til kan vere vanskeleg.  I denne saka opplever eg at blant anna Vågsøy Høgre sikra eit fleirtal for Kinn.  Er det då prosjektrådmannen eller dei folkevalde si rolle å føre saka vidare.  Eg vil seie begge.  Eg har ei klar plikt til å nytte dei tilsette og dei ressursane eg har til rådvelde til beste for saka.  I tillegg skal eg tene dei folkevalde.  Eg meiner at du som folkevald har ei like klar plikt til å målbere saka overfor dei som har gitt deg eit slikt ombod.  Eg forstår at du treng informasjon for å gjere den jobben. 

Når det er sagt; det ligg eit hav av informasjon i alle dei dokument som er knytt til saka.  Som folkevald veit du kor du finn dei.  Dersom du likevel treng meir informasjon eller hjelp til dette, ta kontakt med oss i prosjektorganisasjonen.  Vi skal gjere det vi kan for å hjelpe.

Eg kjem ikkje til å engasjere meg med fleire lesarinnlegg.  Eg likar ikkje arbeidsforma.  Eg vil heller samarbeide med alle for ein framtidsretta og tenleg kommune.

Dersom du ønskjer å sjå kva stillingar som ligg i tilrådinga om kommuneleiing kan du gå inn på kinn.kommune.no.  Der finn du dei i fredagsbrevet mitt som vert lagt ut kl. 15.00.

Lykke til i det vidare arbeidet med Kinn kommune!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags