Har du telt opp no, Egeberg?

Jublande Sp-politikarar på valvake. Her ser du mellom andre Jon Valur Olafsson, Anita Eikevik, Jan Arve Midtbø, Geir Henning Seljeset, Sidsel Kongsvik, Nils Myklebust, Fredrik Egeberg.

Jublande Sp-politikarar på valvake. Her ser du mellom andre Jon Valur Olafsson, Anita Eikevik, Jan Arve Midtbø, Geir Henning Seljeset, Sidsel Kongsvik, Nils Myklebust, Fredrik Egeberg. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg ser i Firdaposten at Fredrik Egeberg ikkje kan stille seg bak samarbeidsavtalen som Senterpartiet har inngått med andre parti for å skaffe Kinn kommune eit styringsdyktig fleirtal. Grunngjevinga hans er at avtalen er alt for vag når det gjeld reversering av kommunesamanslåinga for Kinn kommune. Då kan det kanskje vere på sin plass å minne Egeberg på korleis han sjølv fronta denne problemstillinga under valkampen?

Gjennom utallige innlegg i lokalavisene var Egeberg heilt tydeleg på at Senterpartiet skulle lytte til Folket si meining, noko han meinte andre parti ikkje hadde gjort. Sjølv om Senterpartiet var mot kommunesamanslåinga så skulle Folket si meining vere styrande for korleis Senterpartiet skulle handtere Kinn kommune, personlege haldningar skulle ikkje vektleggast. Aller helst skulle Folket si meining klarleggast gjennom ei folkerøysting for Vågsøy kommune. På denne måten ga Egeberg klare signal til veljarane om kva dei fekk om dei ga si stemme til Senterpartiet. I alle fall var det slik han blei oppfatta.
Dei same haldningane kunne vi lese i avisinnlegg frå Raudt sin representant i Vågsøy, Geir Oldeide; Folket skal høyrast, og deira meining skal vere styrande for korleis Raudt skal handtere situasjonen etter valet.

Det var med andre ord to parti i Vågsøy som gjekk til val med følgjande løfte: «Dersom Folket i Vågsøy gir oss fleirtalet så skal vi sørge for at Kinn kommune vert reversert». Dei fekk til og med gjennomslag for at stemmene i Vågsøy skulle teljast separat, slik at ein kunne kontrollere kor stor motstand det var mot dette «utyskje» Kinn.

Eg reknar difor med at Egeberg no har nytta seg av den informasjonen som valresultatet har gitt, og har talt opp kor mange som har stemt på nei-partia Senterpartiet og Raudt i Vågsøy slik at dei har klart for seg kva for mandat Folket har gitt dei?

Ei betre folkerøysting enn eit val kan ein vel neppe be om? Der får Folket anledning til å velje dei politikarane som dei meiner er best skikka til å styre samfunnsskuta gjennom storm og stille. Eg reknar difor med at Egeberg no har nytta seg av den informasjonen som valresultatet har gitt, og har talt opp kor mange som har stemt på nei-partia Senterpartiet og Raudt i Vågsøy slik at dei har klart for seg kva for mandat Folket har gitt dei? Om dette resultatet viser fleirtal for Senterpartiet og Raudt i Vågsøy så er Egeberg sine uttalelsar legitime. I motsett fall har han gjort seg skuldig i same synda som han brukte heile valkampen på å skulde andre politiske parti for; han har ikkje lytta til Folket. Det må kunne seiast å vere forkasteleg åtferd.

Kanskje det kan vere på tide å legge denne striden død no og heller konsentrere seg om det som faktisk betyr noko i desse dagar; å få på plass ein slagkraftig kystregion som motvekt mot dei tre store innlandskommunane vi har fått i (snart salige) Sogn og Fjordane.
Personleg har eg liten sans for sentralisering, og skulle gjerne sjå at vi kunne levd i fred og fordragelegheit i våre små lokalsamfunn i all framtid. Men verkelegheita er ikkje alltid slik den ser ut, kanskje eg til og med kunne tenkt meg å stemme på Senterpartiet...


Ha ein finfin dag.

Mvh Åsmund Nesbø

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags