Fredagsbrevet frå Terje Heggheim 7.6, er brevet opplysande eller forvirrande?

Av
DEL

MeiningarNår Heggheim prøver å framstille det som at Bryggja sin ut treden frå Vågsøy vil kunne ha positiv økonomiske effekt på grunn av at utgiftsida vert redusert, så må eg få lov å spørje.

Kva i allverda er det du skriv, manglar du verkeleg innsikt i dette?

Dersom, så kan du spørje underteikna, fordi at det er eg som leiar dette arbeide politisk.

Det står i dei skriva som vi har fått at vi (Vågsøy/Kinn) mister 29,4 mill + eigedomskatt og Stad får tilsvarande, der er sagt at vi verken skal tene eller tape på dette.

Det som er saka er at vi taper 9% av befolkninga , mens vi mister 30% av arealet.

Dermed så endrar forskjellige indeksar seg på kor mykje Kinn får i overføringar og dette er negativt med mange mill kr. At vi mister område Bryggja er nærmast ei økonomisk og folkeleg katastrofe, det er sanninga, ikkje at vi får reduserte kostnadar. Dette åtvara eg tidleg om, men vart ikkje høyrd.

Så skriv du vidare at Flora og Vågsøy ville ha like store utfordringar økonomisk om vi hadde fortsett som eigne kommunar.

Dette er heller ikkje tilfelle.

I 2018 og 2019 så vert det brukt store resursar av dei kommunalt tilsette for samanslåinga, som ikkje er bokførde nokon stad, slik dei skulle ha vore om god prosjektstyring og rekneskap hadde vorten følgt. Men dette har du og fleirtalet i Fellesnemnda gjort alt for å halde skjult, ikkje eingong revisor har nemnt dette i nokon av notane. Dette sjølv om at han stadfestar i mail at dette burde vore gjort.

Dette er så alvorleg at hadde det vore i ei privat verksamheit, så hadde nokon minst mista jobben.

At du kan kalla inn personale til møter i mengder, mens du sender lønskravet til den enkelte kommune utan at dette vert registeret, er berre heilt utruleg.

Kor mykje utgjer så dette?

Har gjort ei berekning som eg vil påstå er rett med ein feilmargin på +-10%,  for Vågsøy sin del, så utgjer dette ca 10mill kr og det dobbelte i Flora for 2018, for 2019 er nok tala større. Dette stadfesta Rolf Bjarne Sund til meg på fredag at godt kunne stemme.

Dette viser kor mykje dette Kinn prosjektet tappar begge kommunane for økonomiske ressursar, men dette vil dokke skjule for befolkninga.

Dei fleste greier å forstå at legg du  20 mill til Flora sin økonomi i 2018 og 10mill til Vågsøy og tilsvarande for 2019 så snakkar vi tross alt om ca 60mill kr om ikkje meir, for begge åra som kunne vore nytta på ein heilt anna måte og den økonomiske situasjonen vil vore heilt andesleis.

Er det rart folk er fortvila?

Både du og begge Ordførarane + fleire gjekk rundt å fortalte eventyr over kor mykje pengar som skulle komme berre vi slo oss saman, no finn dokke ikkje at desse pengane, kort og godt fordi at dei aldri har eksistert, dokke regelrett feilinformerte.

No kjem sanninga for ein dag og då er det om å gjere å tåkelegge mest mogleg.

I tillegg til disse 53,5 mill kr som vi ikkje har i 2020 så kjem det etter kvart for ein dag dette med Lønsharmoniseringa. Der opplyste du Fellesnemnda om at det var i størrelse 2,5-3 mill kr. Dette påpeikte eg då var feil, men vart til dei grader latterleggjort av både deg og Ordførar.

Kvifor må du no bruke 4 år på dette der du har 4 mill til disp kvart år, altså 16mill kr?

I tillegg så sa du i kommunestyre i Vågsøy at politikarane måtte være forbered på å auke denne lønsposten.

Dersom du viste talla som eg etterspurde tidleg, kvifor la du dei ikkje fram? Svaret er enkelt du har ikkje peiling på kva beløp det er snakk om.

Og det verste du vill ikkje ha det heller, hadde du det så hadde du sett i gang eit arbeid for slå fast kva dette er.

Eg er klar over at noko av lønsforskjellane har si forklaring i at der er ulikheiter med anisitet og at dette vil innverke på dette.

Så veit du at eg har oversikt av alle lønningane på alle stillinghjemlane i begge kommunen, dette ville eg at vi skulle gå gjennom og finne ut av, men det nekta du å være med på, det skulle komme seinare og kanskje ikkje før etter valet.

Snakk om å koste ting under teppe.

Så går du og leiaren i fellesnemnda + begge Ordførarane rundt å trur at dokke skal få endra på det nasjonale regelverket for Arbeidsgjevaravgifta.

Dagens regelverk seier at når to kommunar slår seg saman så får den nye kommunen den % i arbeidsgjevaravgift som den mest folkerike har. I dette tilfelle Flora med ein differanse på 3,5%  som utgjer  ca 10mill. kr for Vågsøy sine kommunalt tilsette.

Dette beløpet er heller ikkje med i dei 53,5 mill kr.

For næringslivet i Vågsøy så kjem der eit tilsvarande beløp.

Skal Kinn få Vågsøy sin sats etter 2021, så må dei nasjonale kriteria ne endrast for heile lande og då spør eg er det truleg at dagens regjering vil endre på dette, om dei i det heileteke  kan og med den fylje at staten vil tape mange 100mill kr, trur du verkeleg det?

Og i tilfelle så lyt dei til  Esa i Bryssel for å få det godkjent og det veit du. Sjansane er nærmast mikroskopiske. Eg vil be om at eg tek feil.

Det som også fører oss ut i dette uføret er at fleirtalet ikkje vel å innsjå realitetane av at vi ikkje har råd til alt dokke lovde berre vi slo oss saman.

Her må eit beinhard kutt i investeringane som ikkje er naudsynt for drift av kommunen, gjer ein ikkje det så hamnar ein i Robek fortare en svint og det einaste ein kan gjere er å auke eigedomskatten med alle dei negative sidene det er.

Du skriv om samarbeid mellom rådmennene, men kva tid sist hadde du møte med Rådmannen i Vågsøy?

Du skriv også at ein vil gjere innbyggjarane ei bjørneteneste med å utsette dette, du har alt gjort innbyggjarane ei bjørneteneste.

Eg vert ikkje til stades på siste møte i fellesnemnda før ferien på grunn av endra møteplan. Men når eg ser at enkelte saker som har vore etterlyste i fleire mnd jamf Kommunevåpen og du klarer ikkje få ut saka før same dag som møte som skal være, så er ikkje dette i tråd med god sakshandsaming. Her har i tillegg pengane sitte umåteleg laust. Det same skjer i fleire saker.

Det at det stadig vert kosta alvorleg ting under teppe, kan berre gå gale. Ein må løfte opp alle dei problema som er og då kan ein i fellesskap kanskje finne gode løysingar.

Ikkje gjer som «Helge Ingstad», stopp opp når du ser farar i baugen, elles går dette himlande  gale.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags