Er det ikkje over snart?

Av
DEL

MeiningarDet er trist å lese innlegga om Kinn i avisa. Enda verre er det når du ser i kommentarfelta til Fjordenes på Facebook. Vaksne menneske som går til angrep på kvarandre. Uthenging av enkeltpersonar og ryktespreiing.

Sidan eg var liten, har eg alltid hatt lyst til å flytte heim igjen etter studiane. Tilbake til trygge, vakre Vågsøy med alle dei flotte menneska. Men denne debatten gjer meg usikker. At enkeltpersonar heng ut andre på denne måten gjer meg uttrygg. Eg veit at menneska i Vågsøy er flotte menneske, men det siste året har eg sett så mange forferdelege og sårande ord frå nokre av menneska her. Eg får vondt av å sjå kor langt dette har gått. Vanlegvis er eg ikkje redd for å delta i ein debatt, eller seie meiningane mine høgt. I denne debatten har eg ikkje turt eller ønska å uttrykkje meg. Og eg trur ikkje eg er den einaste som føler det slik.

Kva skjedde med å vere eit godt førebilete for barna og dei unge? Korleis skal dei lære å te seg skikkeleg på nett, om det er dette dei møter frå vaksne menneske? Korleis skal vi lære dei å hevde seg sjølv, om dei ser at menneske som gjer det blir hengt ut? Det skal vere lov å seie sine meiningar utan at ein blir angripe fordi nokon er ueinige. Det er lov å seie i mot om du er ueinig, men treng du å gå til angrep på personen? Kan du ikkje halde deg til sak? Korleis ønska du sjølv å bli møtt? Sjølv ønska eg å bli møtt med respekt.

Eg har alltid vert stolt av å vere frå Vågsøy, men eg har starta å tvile. Ver så snill. Vis meg, barna dykkar, og alle andre kvifor vi bør vere stolt av plassen vi kjem frå. Kor fint det eigentleg er å bu her.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags