– Det kan vere duka for mykje tautrekking mellom Strandgata i Florø og Gate 1 i Måløy

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarDet kan vere greitt å ha med seg fortida når ein skal spå om framtida. Mange meiner at alt var så mykje betre før, og kvifor kan vi ikkje ha det slik vi alltid har hatt det? Det er eit fullstendig legitimt synspunkt, men grev vi litt djupare i historia, så trur eg nok at vi vil finne omstende som det er liten grunn til å ønske attende.

Kommunikasjonar og samferdsel til dømes. Dei kunne heilt sikkert ha vore betre, men eg vil tru at få ser med lengsel attende til smale, svingete grusvegar, fjordabåtar som ein kunne ro i kapp med, flyplassar som ein fjern utopi og eit tilvære utan mobiltelefonar og E-post. 

Eg tek her og no ikkje stilling for eller imot nye Kinn kommune. Eg registrerer at diskusjonen går for fullt, at fellesnemnda er i arbeid og at det skal haldast folkerøysting ved ein korsveg. Eg nøyer meg med å krysse fingrane for at Rolf Domstein & Co får gjennomslag og forståing for interessene våre. Men eg grip meg i å sjå attende til 60-talet, og tidleg 70-tal i min tidlegare heimkommune, Askvoll. Eg kan love at bølgene då kunne gå høge, og først og fremst mellom dei to desiderte motpolane, øyane og fastlandet. 

Øyane var i dette tilfellet Bulandet, Værlandet og Atløy. Fastlandet vart stort sett definert som Askvoll sentrum. Det var nærmast hund og katt. Det meste som skjedde i kommunestyret vart tolka inn i ein kontekst der sentrum grov til seg, og øyane vart skadelidande. Den minste ting kunne avstadkome blodbrusande engasjement og ordskifte. Døme: Far sat i kommunestyret i ein mannsalder, og ein gong kom spørsmålet om skotpremie på mink opp som sak. Fjordingane var forarga på at vi fekk 20 kroner i skotpremie på minken, medan dei ikkje fekk i det heile på rev. Ein av dei stilte spørsmål om minken var ei slik plage at det rettferdiggjorde desse 20 kronene. Søskenbarnet mitt og eg fanga mink og heldt oss stort sett sjølve med lommepengar, så far var nok litt inhabil i saka. Men han fauk opp, retta ein dirrande peikefinger mot den formastelege og forkynte: «Plage??? Eg skal seie deg det, farr, at der er så mykje mink at når vi kjem gåande etter vegen, så må vi sparke han til sides for å komme oss fram»! 

Slik kunne ordskiftet gå, på godt og vondt. Men faktum er at kommunikasjonane må ta ein stor del av skulda for at frontane var som dei var. Turen frå Bulandet og inn til Askvoll tok minst 4 timar på ei gammal lørje som lukta både fjøs og gammal sjøverk, og ein måtte spandere heile dagen for eit møte som gjerne berre varde nokre timar. Humøret kunne vere deretter. Men på tidleg 70-tal fekk vi noko som kunne likne på hurtigbåtsamband, med fleire avgangar om dagen, og reisa vart korta ned til ein god time. Fastlandet og øyane kom mykje nærare kvarandre, heilt enkelt. Då roa det heile seg. Skjærmysselen innetter vart tona ned, og ein fekk forståing for verdien av å tale med EI røyst. Det vart slutt på tida då eksempelvis kommuneingeniøren i Askvoll etter ei stygg ulykke måtte på sjukehus og få blodoverføring, og presenterte det ufråvikelege kravet: «Kom med kva de vil, men ikkje øyablod»! 

Blir Kinn kommune ein realitet, så ser eg slett ikkje bort frå at vi kan få tilstandar som liknar faretruande på dei som eg no har skildra. Florøregionen blir fastlandet, og vi blir øyane. Mink og blodoverføringar blir neppe dei store saksområda, men elles kan det vere duka for mykje tautrekking mellom Strandgata i Florø og Gate 1 i Måløy.

Tauet må i tillegg strekkast over store delar av Bremanger. Det blir nokre famnar, det! Men igjen: Kommunikasjon i alle former er og blir nøkkelen. Di nærare vi kjem kvarandre, «til lands, til vanns, og i lufta med» som Asbjørnsen og Moe skriv, di meir vil motsetningane byggast ned, og blodet – overført eller ikkje – bruse mindre.

Den store, altoverskyggande prioritet i ein eventuell ny Kinn kommune må vere at samferdsla blir utbygd jamt og trutt, og der vi nærmast år for år ser at avstanden mellom Florø og Måløy minkar. Det bør så absolutt vere eit mål som kvar einaste innbyggar i den nye kommunen heilhjarta kan samlast om, og der stridsøksene vert liggande i ei skyttargrav som sakte og sikkert blir grunnare. 

Så får vi heller sparke til sides ein mink eller to. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags