«Rapporten som gjer at fylket vil utsette innføring av nullutsleppsbåtar, inneheld ingen nye fakta»

Trond Strømgren er seniorrådgjevar i Ocean Hyway Cluster, Norges hydrogenklynge.

Trond Strømgren er seniorrådgjevar i Ocean Hyway Cluster, Norges hydrogenklynge. Foto:

Av

HYDROGEN: Det er ikkje noko nytt i DNV GL sin rapport, skriv Trond Strømgren i sitt lesarbrev.

DEL

debattJan A. Lem skriv i sitt innlegg om hydrogen som drivstoff til hurtigbåter at DNV GL «ikke fornøyd og mener at det må forskes og prøves mer». Ocean Hyway Cluster er den norske maritime hydrogenklynga. Vi har nokre oppklarande kommentarar til Lem si utsegn.

DNV GL har på bestilling skrive ein rapport om nullutslepps-hurtigbåtar i Sogn og Fjordane. Rapporten tilfører ingen nye fakta til det norske maritime hydrogenmiljøet; den peikar i hovudsak på at fylket bør auke budsjettramma for dei rutene det er aktuelt å elektrifisere. Vidare skriv DNV GL at innføring av hydrogenteknologi frå 2024 vil vere krevjande, men ikkje urealistisk.

Hydrogen har vore produsert i Norge i rundt 100 år. Årsproduksjonen er no 225.000 tonn. I USA er det over 20.000 gaffeltruckar som går på hydrogen, det finst over 11.000 hydrogenbilar i verda og kring 400 hydrogenfyllestasjonar. Siemens har levert hydrogenbaserte energisystem til tyske ubåtar sida 2002 og Hyundai har inngått avtale om å levere 1.600 hydrogendrivne lastebilar til Coop i Sveits.

Maritim sektor står for tur. Det er internasjonal semje om å redusere CO²-utsleppa frå denne sektoren med 50 % innan 2050, og hydrogen vil spele ein viktig rolle her. Rundt om i verda er det ca. 40 ulike hydrogenbåtprosjekt under utvikling eller realisering. Ein norsk operatør har starta bygging av ei hydrogenferje og skal ha to hydrogenferjer i drift i 2021. Andre aktørar har ferdigdesigna konsept klare og kan starte bygging dersom fleire bestiller hydrogenferje.

Næringa er klare til å bygge hurtigbåtar med hydrogen som drivstoff. DNV GL og Sjøfartsdirektoratet har vore involverte i fleire prosjekt og har gitt preliminære godkjenningar. Fleire konsortium har levert tekniske hydrogenløysingar som svar på Trøndelag fylkeskommune si utlysing om nullutslepp drift av tre hurtigbåtsamband. Teknisk tryggleik er teken i vare. I løpet av 28 månader kan til dømes Brødrene Aa levere hydrogendriven hurtigbåt klar til operativ drift, inkludert tre månaders testing ved verft og tre månaders testing i rute av operatør. Ved bestilling tidleg i 2020 vil båt vere klar til operativ drift 1. mai 2022.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags