Tagal i einsemd

Dag Henrik Nygård

Dag Henrik Nygård (Foto: )

Av
DEL

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

MeiningarFører den nye samfunnsstrukturen med seg einsemd? Det er lett å slå fast at einsemd er eit personleg problem som råkar den parten det gjeld. Samstundes kan dette vere eit samfunnsproblem, noko vi, som deltakarar i samfunnet, kan engasjere oss for å gjere noko med. Er det noko eg kan gjere, er det noko du kan gjere?

Det siste spørsmålet bør vi stille oss med jamne mellomrom, for dette er eit så stort problem i dag at nærast alle kjenner nokon som vert sitjande i einsemd. Det kan vere krevjande å skulle redde heile verda, heilt åleine, men gjer du noko kan det ha alt å seie for honom eller henne du bryr deg om.

Tidlegare var familien eit trygt utgangspunkt, og er framleis det viktigaste for mange. Den moderne tida er prega av individualisme, på godt og vondt. Det er mange føremonar med dette systemet. Alle får realisere seg sjølve, du kan nytte tida di på deg sjølv, for det er lov. Tidlegare kunne ein ikkje gå på trening kvar dag, men no vert bestemor mata av kommunen, og då har ein tid til slikt. Før var ekteskapet turvande, no kan det vere fint.

God økonomi gjev oss nye høve, men nye utfordringar. Alle har råd til kvart sitt hus, men kor kjekt er det å sitje åleine? Generasjonane samhandlar ikkje på same vis som før, for det er få besteforeldre og ugifte tanter på lofta i dei moderne husa.

Eg ynskjer meg ikkje attende i tida som ho var, men vi må verte flinkare til å korrigere eller kompensere for dei ulempene som kjem frå den snøgge utviklinga. Generelt er mykje vesentleg betre, men ikkje alt, og ikkje for alle. Nokre taper alltid.

Einsemd gjer stor skade, men let seg ofte lett bøte

Einsemd vil lettast råke studentar, ugifte og eldre folk. Studentane må flytte frå heimstaden for å studere, og har ofte lite eller ingen familie på den nye studiestaden. Dei ugifte bur stort sett åleine, og manglar ein eigen familie. Eldre folk, gjerne enker og enkemenn, kan ofte ha etterkomarar, men dei kan bu langt borte, eller dei kan ha meir enn nok med seg sjølve.

Å vere einsam kan vere fysisk, at du korkje ser eller høyrer folk på ei stund. På den andre sida kan ein vere saman med folk, utan at ein kjenner seg inkludert som ein naturleg i gjengen. Det gjer vondt å kjenne på ei kjensle av einsemd, og det står ikkje godt til det ”perfekte livet”, det alle ynskjer å leve. Alle har vi trong for å verte sett og å kjenne oss inkluderte, berre kjenn etter sjølv. Vi må lære oss å sjå dei som treng oss, for dei veit det, men torer ikkje å seie eller å vise det.

Om du kjenner godt etter, så trur eg du skal sjå at dei aller fleste har ein dei kan og bør hjelpe. Korleis er det med enkjefrua på grannegarden, den ugifte kollegaen, den venen du så sjeldan hugsar, gamle tante Olga eller deg sjølv? Smil, sei hei, spør korleis det står til, svar i telefonen, ring sjølv, og porto har du råd til. For mange er det meir enn godt nok om ein berre gjer noko lite. Det handlar om å verte sett, som den ein er, og med dei ressursane ein har.

Alle er ikkje einsame, men fleire enn vi trur. Einsemd gjer stor skade, men let seg ofte lett bøte. Alt for store ressursar vert øydde på grunn av einsemd. Hjelp dei du kan og dei du bør.

Einsemda kan vere nær deg, eller hjå deg!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags