Den ubehagelege sanninga om Furuhaugane og omsorgstenesta

Av
DEL

MeiningarDet er ikkje kjekt, men det er den ubehagelege sanninga: Furuhaugane omsorgssenter har store utfordringar. Det er ikkje eit spesielt gammalt bygg, men manglande vedlikehald, ein konstruksjon som gjer det lite funksjonelt og triveleg, og eit skrikande behov for fleire rom, gjer at behovet for endring er stort. Difor vil vi heller utvikle sjukehuseigedomen. Utfordringane i omsorgstenesta er store, men er viljen der skal vi klare å løyse dei.

Uverdig omtale av Furuhaugane omsorgssenter

Den største ressursen på Furuhaugane er dei tilsette. Dei gjer ein svært viktig jobb, men til liks med dei andre i omsorgstenesta er dei for få. Difor har vi foreslått fleire tilsette ved å auke grunnbemanninga, bygge fleire sjukeheimsplassar på sjukehuseigedomen og sørge for at både tilsette, pårørande og først og fremst dei eldre - får ein betre kvardag. Går sjukefråveret ned, så betalar dette seg sjølv. Dette har dei andre partia stemt mot, med unntak av FrP som har støtta forslaga våre. Det er svært gledeleg at Høgre no tilsynelatande snur i denne saka, og eg håpar berre at Ap og Sp kjem etter.

Dei vil opprette ti nye stillingar i eldreomsorga

I administrasjonsutvalet og arbeidsmiljøutvalet har eg ved fleire høve dei siste fire åra tatt til orde for handling. Enten må vi følge opp sakene vi har ansvar for, eller så må vi legge ned utvala. Eg er så lei av at Fagforbundet, administrasjonen og Ap ser på kvarandre i møta og «tar saka til vitande», som det heiter i vedtaka. Utan handling av betydning. Utan tiltak som virkar.

Dei gangane dette har kome på spissen har det handla om Furuhaugane og omsorgstenesta. Eg har løfta forslag som tvinger politikarane på bana. Som fører til positiv endring. For å løfte arbeidsmiljø og situasjonen for dei som bur og arbeider i omsorgstenesta. For å få trivselen opp, og sjukefråveret ned. Det har Ap & co ikkje ønska. Paradokset er at Fagforbundet faktisk lojalt har stilt seg bak rådmannen og Ap som ikkje vil ha politisk innblanding! Det er greit at dei meiner det og gjer det, men at Fagforbundet no meiner at det er for lite politisk engasjement rundt dette er mildt sagt spesielt. Alle møteprotokollane ligg tilgjengeleg på nett, så denne kreative historiefortellinga grensar til det sensasjonelt frimodige.

Ein tilleggsdimensjon er at eg har opplevd at tillitsvalde som har møtt i utvala, eller høyrt på, har ringt meg etter møta, sendt meg meldingar og e-postar, og sagt at det er vanskeleg for dei å få fram at dei er usamde med administrasjonen og dei øvste tillitsvalde - fordi dei då blir møtt med kritikk og motstand. Banda blir rett og slett for tette i eit lite samfunn, det er vanskeleg å løfte opp kritikkverdige forhold. Og løysinga frå den lokale leiinga i Fagforbundet og det politiske fleirtalet blir då å sitte stille. Det er ikkje eit alternativ for meg.

At eg seier det skal lukte mat ikkje gammal urin på sjukeheimen handlar for min del om å eksemplifisere eit problem mange både eldre og pårørande opplever. Og for den del tilsette. Eg har besøkt mange sjukeheimar, for eksempel Flora omsorgssenter og Kulatoppen i Måløy. Ingen plass er det som på Furuhaugane. Problemet er ikkje dei som bur der, ikkje dei som jobbar der - men at politikarane har nedprioritert omsorgstenesta så lenge at vi no må ta eit kjempeløft økonomisk skal det ha noko effekt. Det er Venstre meir enn klar til, men vi meiner vi får betre omsorg om vi samlar fleire sjukeheimsplassar og omsorgsbustader på sjukehuseigedomen og på Flora omsorgssenter.

Seinast torsdag var Venstre på møte på Furuhaugane omsorgssenter. Vi møtte leiarar, tilsette og bebuarar og hadde gode og konstruktive møte. Vi har eldreomsorga som ei fanesak, og då må vi våge å snakke høgt om det som er vanskeleg, om den ubehagelege sanninga. Først då får vi gjort noko med kvardagen til både dei eldre, dei tilsette og dei pårørande.

Det skal lukte mat, ikkje gammal urin, på sjukeheimane våre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags