– Vestland skal bli best i verda på e-sport

Av
DEL

MeiningarE-sport er spådd å bli verdas største tilskodarsport i løpet av få år. Har du høyrt om Håvard «Rain» Nygård, Emil «Nyhrox» Bergquist Pedersen, Jens «Snute» Aasgaard eller Casper «Hunterace» Notto?


Dei er alle superstjerner – og i verdstoppen innanfor ulike e-sportsgreiner.


Stort sett alle barn og unge i alderen 9–18 år driv med elektronisk speling eller gaming, og mange tusen norske spelarar konkurrerer i e-sport konkurransar, turneringar og ligaer, både online og på fysiske samlingar.


Likevel så gjer mangel på treningsfasilitetar, lokale klubbar og oppfølging at ein heil generasjon unge har svært få eller ingen moglegheiter til å drive med aktiviteten innanfor det organiserte idretts- eller fritidstilbodet. I staden for å utvikle det norske e-sport miljøet og bygge opp talenta i Norge, så eksporterer vi dei til utanlandske klubbar og e-sport lag.


Vestland Frp meiner at det er på tide at politikarar, det frivillige organisasjonslivet og sponsorar begynner å ta desse ungdommane og foreldra deira meir på alvor. Til liks med andre sportstalent, så treng desse ungdommane rettleiing og oppfølging til systematisk og rett trening både i dataspel, men og fysisk og psykisk trening for at kroppen skal fungere optimalt. Dei treng eit miljø rundt seg som kan hjelpe dei til å verte betre, som kan gje dei tilbakemeldingar og støtte, men og som kan sikre at desse ungdommane meistrar andre delar av livet samstundes som dei satsar.


På same måte som for ungdommane som spelar fotball, så må vi engasjere foreldra og sørge for at rettleiing, informasjon og støtte er tilgjengeleg for dei. Foreldra må få høve til å engasjere seg i utviklinga til ungane sine, og samstundes vite for at dette skjer på ein trygg og organisert måte.


Den norske Fortnite-spelaren «Nyhrox» vann nettopp VM i Fortnite i New York, og Håvard «Rain» Nygård frå Florø har hevda seg i verdstoppen i CS-GO i fleire år. Det er ingen grunn til at e-sport VM i Fortnite, Counter Strike eller FIFA ikkje skal spelast i Vestland i løpet av få år. Det handlar om vilje, satsing og organisering.


Vestland FrP meiner at Fylkeskommunen må ta ei aktiv rolle for å utvikle dataspeling og e-sport på alle nivå i Vestland fylke. Difor foreslår Vestland FrP at fylkeskommunen må utarbeide ein eigen dataspel strategi med klare mål og verkemiddel for korleis ein betre kan legge til rette for dataspel og e-sport. I strategien skal ein særleg leggje vekt på:

  • Behovet for ytterlegare satsing på e-sport i vidaregåande opplæring.
  • Korleis fylkeskommunen kan bidra til meir kunnskap og kompetanse om dataspel og e-sport i samfunnet.
  • Korleis fylkeskommunen kan bidra til etablering og drift av lokale treningslokalitetar for spelarar.
  • Korleis fylkeskommunen kan bidra til etablering av lokale og regionale dataspel miljø, konkurransar, turneringar og møteplassar.
  • Korleis fylkeskommunen kan støtte og bidra til større internasjonale e-sport hendingar i Vestland
  • Kva verkemiddel fylkeskommunen kan nytte i samarbeid med kommunar, organisasjonar, næringsliv og eldsjeler for å bygge opp lokale lag og spelarar på internasjonalt nivå.


Vestland FrP vil bidra til at framtidas internasjonale superstjerner innan e-sport kjem frå vårt fylke, men då må vi ta ungdomane på alvor og legge til rette for at dei får den oppfølginga og tilrettelegginga som vi og gjer andre sportstalent.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags