Kommunane treng fleire sjukeheimsplassar

Åse Iren Korneliussen

Åse Iren Korneliussen Foto:

Av
DEL

DebattDet er bekymringsfullt at stadig fleire kommunar legg ned sjukeheimsplassar eller omgjer plassane til omsorgsbustader. Det kan høyrast fint ut å bli ein «heimetenestekommune», men for dei som treng kommunen mest er det ei bjørneteneste.

Omsorgsbustader og sjukeheim er ikkje det same, og terskelen for å få sjukeheimsplass har blitt for høg. Omsorgsbustader er eit verdifullt tilskot i eldreomsorga, men må ikkje gå på bekostning av nødvendig utbygging av sjukeheim. Då blir resultatet at mange sjuke og skrøpelege eldre ikkje får dei helse- og omsorgstenestene dei treng.

Vi må bygge sjukeheimsplassar og omsorgsbustader som er basert på kommunen sine faktiske behov og ikkje utifrå økonomiske motiv. Sjølv om sjukeheim og omsorgsbustadar kan likne kvarandre er forskjellane vesentlege. Ein bebuar i sjukeheim bur juridisk sett i institusjon, og har krav på heildøgns sjukepleie- og omsorgstenester, organisert legeteneste, fysioterapiteneste, tannlegeteneste m.v. (jf. Sjukeheimsforskrifta).

Ein bebuar i omsorgsbustad bur derimot juridisk sett heime og tildelast heimeteneste i henhold til enkeltvedtak. Ein del omsorgsbustadar tilbyr heildøgns pleie- og omsorgstenester, men dette er ikkje noko krav. Mange kommunar bygger omsorgsbustadar framfor sjukeheimsplassar.

For kommunane er dette økonomisk billegare å drifte, då brukar betaler for tenester som ein sjukeheimsbrukar får gratis. På sjukeheim vil sjølvsagt bemanninga være heilt annleis. Kommunane får tilskot frå Husbanken til å bygge sjukeheimsplasser/omsorgsbustadar.

I dei seinare tid har Husbanken sett krav om ei forholdsvis høg husleige på omsorgsbustadar, og ein ser at husleiga kan komme opp mot nærare kr 10 000,- pr mnd. Dette er kostnadar som mange minstepensjonistar ikkje er i stand til å meistre i lag med mange andre utgifter. Det er ingenting i vegen for at kommunane kan subsidiere husværa, men som oftast blir desse utgiftene på kvar einskilt bebuar.

Eg er ein av dei som meiner at mange kommunar har for høg terskel for å få sjukeheimsplass, og at tidsgrensa opphald (kortidsopphald) i mange tilfelle disponerast av brukarar med vedtak om fast plass (langtidsplass).
Då kjem ein inn i ein vond sirkel, der moglegheiter for at heimebuande eldre eller akutt forverra helsetilstand, kan få ein kortidsplass for så å returnere til heimen.

Vi veit at tal eldre med omfattande hjelpebehov vil auke i tida som kjem, samtidig som kommunane raskare må ta i mot utskrivningsklare pasientar frå sjukehus (jf. Samhandlingsreforma). Kommunane må tilpasse seg brukarane sine behov. Mange vil bu lengst mogleg heime, noko kommunen må legge til rette for.

For dei aller sjukaste, som er utrygge og treng mykje hjelp er ein sjukeheimsplass det einaste reelle alternativet for eit verdig liv. Då er ikkje svaret færre sjukeheimsplassar men fleire sjukeheimsplassar i kommunane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags