Vindindustrien og dei skråsikre

Av
DEL

DebattKva vil dei med vindkraft på land, alle dei som ser ut til å ville byggje ned store samanhengande naturområde, for å løyse det dei kallar ei klimakrise?

«Om ein ønskjer å få bygd ut vindkraft, og det trur eg at ein treng å gjere i Noreg, så må ein ha ein aksept lokalt om dette skal lukkast», sa fylkesordføraren i Østfold, Ole Haabeth, ifølge nrk.no den 24. november. Fylkeskommunen i Østfold eig visstnok halvparten av utbyggjarselskapet Zephyr, gjennom eigarskapet sitt i Østfold Energi. Zephyr er eit av dei selskapa som har vore særs pågåande med å spørje grunneigarar i Sogn og Fjordane om løyve til å byggje. Det var nett dei ufine metodane Zephyr har brukt i møte med vanlege folk som var bodskapen i fråsegna til Haabeth. Kvifor fylkeskommunen i Østfold vil byggje vindkraft i Sogn og Fjordane skal vi rett nok ikkje ha noko meining om her no.

Utsegna over kjem frå ein person som gjev fråsegner både som politikar og utbyggjar. Haabeth er ikkje åleine om å blande roller og dessutan skyve klimakrisa framfor seg når det gjeld vindindustri på land.

Nei, vi snakkar heller ikkje her om omgrepa vindmøller eller vindmølleparkar. Vi snakkar om vindindustriområde som har fleire vindturbinar. Kvar turbin er plassert på kvart sitt høge tårn. Teknisk Vekeblad skriv at industrien no testar ei total høgde på 260 meter for kvar turbin, og ei bladlengde på 107 meter. Kvart blad på turbinen er altso like langt som ein fotballbane. Det finst allereie turbinar som har ei høgde på 220 meter over bakken, og utviklinga ser altso ikkje ut til å stogge med det. Til samanlikning ragar Oslo Plaza (hotellet i Oslo) 117 meter over bakken, medan Eiffeltårnet i Paris er ca. 300 meter høgt. Eit meir lokalt døme kan vere sentralsjukehuset i Førde, som er 25 meter høgt.

Tidlegare Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg seier at politikarane vil dette, å bygge ut vindindustri på land, med dei konsekvensane det har. «Det har vore ein plan i mange år», seier han, og «det er regjeringa sin politikk». Dette sa statsråden på eit seminar, etter at regjeringa skrinla arbeidet med nasjonal ramme for vindkraft på land 17. oktober. Han sa det, trass i at Miljødirektoratet har sagt at «avbøtande tiltak og tilpassingar av eit vindkraftprosjekt på land ikkje vil kunne bøte på tapet av eit større samanhengande naturareal», og «det er vanskeleg å sjå føre seg at det kan bli bygd mange store vindkraftverk, utan at dette fører med seg reduksjon i større naturområde med urørt preg».

Miljødirektoratet snakkar ikkje berre om innverknaden på friluftsliv og landskap. Dei snakkar om balanse i økosystema som vi menneske er heilt avhengige av, og at vi ikkje veit kva som vil skje med økosystema med tapet av større naturområde. Økosystem som gjev oss fotosyntese, karbonkretsløp, reinsing av luft og vatn, pollinering, regulering av skadedyr og sjukdommar, grunnlaget for mat og fiber, ferskvatn, og mykje meir. Dei snakkar om ukjente konsekvensar, som vil råke oss alle, om dei store arealendringane held fram.

Men det er noko anna i gjære i folket no. Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, som blir råka av vindkraftutbyggjarane, har erklært klima- og miljøkrise. Det blei bestemt i fylkestinget den 8. oktober. «Å erklære krise no er startskotet for ein ambisiøs klimapolitikk, og dette må integrerast i alt vi gjer (...) vi må finne miljøvenlege løysingar på mykje, alt frå energikjelder og næringsutvikling til matproduksjon (…) vi i fylkestinget i Sogn og Fjordane tek klima- og miljøutfordringane på alvor. Klimaomstillinga må no skje endå fortare enn vi tidlegare har lagt opp til».

Desse utsegnene frå fylkesordførar Jenny Følling, ber med seg von om at politikarane i Sogn og Fjordane har forstått noko meir enn dei andre. Grunnen til at vi vel å tru politikarane på fylkestinget, er at dei også drøfta omgrepet «symbolpolitikk», før dei vart einige om å erklære miljøkrise i tillegg til klimakrise. Vonleg har dei gjort nokre refleksjonar som strekker seg lengre enn symbolpolitikken, når fylkesordføraren sa at «vi skal ta det regionale ansvaret vi har, men treng støtte frå nasjonalt nivå for å nå måla våre. Vi må tenke globalt, men handle lokalt. Her må nasjonalt nivå støtte oss som ønskjer å gå føre i klimaarbeidet».

Og det er nett dette som er nøkkelen for den omstillinga vi no skal gjere. Dei som sit i det internasjonale naturpanelet IPBES har gitt politikarane ein tydeleg beskjed; «gjennomgripande samfunnsendring må til, om vi skal klare å restaurere og beskytte naturen vår», og at «dei fleste samfunnsmessige og miljømessige mål for å bevare og bruke naturen berekraftig og oppnå berekraft, ikkje kan bli nådd med dagens kurs, og at mål for 2030 og vidare berre kan bli oppnådd gjennom transformative endringar på tvers av økonomiske, sosiale, politiske og teknologiske faktorar».

Kongeriket Noregs grunnlov har også ein tydeleg instruks til departementet, i deira forvalting av naturgrunnlaget. «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter. Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet. Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane».

Difor har «Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane» oppmoda Olje- og energidepartementet om å stanse all vidare utbygging av vindindustri i norsk natur, og at det blir gjort nye utgreiingar av konsekvensane for dei landbaserte vindkraftverka som allereie har fått konsesjon. Det norske regelverket stiller krav om å gjere dette, basert på det kunnskapsgrunnlaget vi no har, om nettopp klima- og miljøkrisa.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags