«Det er frustrerande å sjå korleis feilinformasjon og skremselsbilete får prege den offentlege debatten om vindkraft»

Produksjonsdirektør Ola Lingaas i SFE.

Produksjonsdirektør Ola Lingaas i SFE. Foto:

Av

Vindkraft gir stor verdiskaping for Bremanger

DEL

MeiningarDen 19. desember skal kommunestyret i Bremanger ta stilling til detaljplanane for Bremangerlandet vindkraftverk – ei utbygging som vil gi fleire hundre millionar kroner i verdiskaping lokalt.

Vi har forståing for at det kan vere krevjande for politikarane å manøvrere i ein debatt med mange ulike interesser, steile frontar og påstandar som går i vidt ulike retningar.

Sjølv opplever vi det frustrerande å sjå korleis feilinformasjon og urealistiske skremselsbilete har fått prege den offentlege debatten dei seinaste månadane, og truleg også påverka mange sine haldningar til vindkraft.

Det er ei ærleg sak å vere mot vindkraft. Det er sjølvsagt lov å til dømes meine at eit område med uberørt natur, eller det å sjå horisonten slik ein alltid har sett den, er viktigare enn bidraget til eit betre klima og til lokal verdiskaping. Men vår oppleving er at svært mange støttar ei utbygging, sjølv om dei kanskje ikkje er like aktive i debatten.

Er debattklimaet så hardt at mange ikkje orkar å involvere seg eller uttrykke si meining?

Ingen av kraftutbyggingane som gjennom 100 år har skapt store verdiar for Bremanger kommune har vore utan naturinngrep. Men til sjuande og sist må sluttsummen vere positiv. Etter mange år med konsekvensutgreiing, involvering av lokalsamfunnet og demokratiske beslutningsprosessar lokalt og nasjonalt fekk vindkraftutbygginga rettskraftig konsesjon i 2017.

Regjeringa vurderte då fordelane ved vindkraftverket som større enn ulempene det medfører. Og sluttsummen, i form av verdiskaping, er betydeleg for Bremanger kommune. Over ein periode på 25 år vil kraftverket skape verdiar for kommunen, innbyggarar og næringsliv på minst 300 millionar kroner.

Nedanfor er nokre av verdiane som vil bli realisert – ein stor del av dei allereie i utbyggingsperioden og tidleg driftsfase:

○ Eigedomsskatt til Bremanger kommune. Dette er årlege utbetalingar på 4-6 millionar kroner som utbyggjar garanterer til kommunen heilt uavhengig av om kommunen skulle velgje å avskaffe slik skatt eller skattlegginga av andre grunnar fell vekk eller blir redusert i perioden grunna nasjonale føringar.

○ Løn, skattar og avgifter i samband med arbeidsplassar som vil vere tilknytt anlegget i driftsperioden. I avtalen som er inngått med kommunen vert det lagt opp til ca 6 årsverk direkte knytt til Bremangerlandet vindkraftverk i driftsfasen. Det vil bli bygd opp eit kompetansemiljø rundt drift av vindkraft i Bremanger som vil styrke og vidareutvikle eit allereie stort kraftmiljø i kommunen.

○ Erfaringane frå både Hennøy og Guleslettene syner at det er stor lokal sysselsetting og leveransar frå lokale bedrifter i utbyggingsfasen, noko som også vil vere tilfellet for Bremangerlandet. Også driftsfasen vil gi små og store kjøp av varer og tenester lokalt.

○ Avtalefesta kompensasjon til Bremanger kommune. Denne er på 32,5 millionar kroner, og kommunen står i utgangspunktet fritt til å disponere desse midlane på dei tiltak kommunen ønskjer. Dersom summen til dømes blir nytta til utbetring av fylkesveg 616 i ytre Bremanger, som enkelte har teke til orde for, kan den utløyse midlar og realisere prosjekt til ein mykje høgare sum enn 32,5 mill. kroner.

○ Avtalefesta inntekter til grunneigarar, som fleire av grunneigarane har uttalt gir betydeleg auka verdiskaping og livsgrunnlag på gardsbruk og utmark.

○ Nye grunneigaravtaler som gir fleire millionar kroner i midlar til aktivitetsskapande tiltak i området rundt vindparken, og i nærliggande bygder. Korvidt delar av midlane skal bidra til å realisere til dømes kunstgrasbane og tribunebygg i ytre Bremanger, som enkelte lokalt har foreslått som mogleg tiltak, det er det lokalsamfunnet som sjølv skal bestemme.

○ Utbytte til Bremanger kommune. Som stor kommunal eigar i SFE vil selskapet si verdiskaping betale seg også som auka utbytte til kommunen. Denne verdiskapinga blir større om ein rekk å realisere prosjektet før fristen for grøne sertifikat går ut i 2021.

Det er viktig å understreke at Bremangerlandet vindpark heilt og fullt betalar rekninga for netttilknyting, og at vindkraftverket ikkje påfører verken forbrukarar eller industri auka nettleige.

Kraftnæringa er og har vore ei svært viktig kjelde til verdiskaping for Bremanger kommune. Åleine betalte SFE nær 60 millionar kroner i skattar, avgifter og utbyte til kommunen i 2018, i tillegg til å vere ein aktiv støttespelar til lag og organisasjonar.

I desse dagar er vi i ferd med å rekruttere tre nye tilsette til produksjonsmiljøet vårt i kommunen, og SFE vil på nyåret telje 31 tilsette som samla bidreg mykje til skatteinntekter og utvikling.

Som utbyggar har SFE i inneværande 10-årsperiode investert ca 500 millionar kroner i nettanlegg og over heile 1,7 milliardar kroner i kjøp og reinvesteringar i kraftproduksjonsanlegg i kommunen, herunder heimkjøp av Svelgen-anlegga.

Vi håpar politikarane den 19. desember ønskjer å vere med oss på nok ei stor investering som vil skape verdiar, arbeidsplassar og utvikling for framtida.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags