Meiner skrytelista er grei

Tore jacob Madsen (t.v.) og Bengt Solheim-Olsen, Flora Høgre

Tore jacob Madsen (t.v.) og Bengt Solheim-Olsen, Flora Høgre Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Tore Jacob Madsen svarar på Ap-kritikk av skrytelista til Høgre.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Åge Larsen imøtegår ”skrytelista til Høgre” som sto på trykk i form av annonse i Fp den 29.08.15. Han likar ikkje det han les og det er vel rimelig. Det er rett som han seier at mange av dei sakene har vore arbeidd med i mange år. Men om Åge likar det eller ei så er dei blitt gjennomførde dei siste fire åra då Høgre hadde ordførar. Det viktige med politikk er å prioritere og å få gjort ting ferdig.

LES OGSÅ:

Skrytelista til Høgre 

Mange av sakene på ”skrytelista” seier Åge står eit stort fleirtal bak, det er rett i dei aller fleste saker i bystyret, men dei på vår liste er fremma av Høgre og kjempa igjennom. Ofte med motstand frå nettopp Åge. Ta t.d. Stavang skule. Hadde det vore opp til Åge så hadde den skulen no vore nedlagt.  Her skal ho Bente ha skryt som den einaste frå Ap som støtta å oppretthalde skulen.

Åge nemner Trovikkvartalet. At det ikkje har skjedd noe her skuldas alle høve ikkje at ordføraren ikkje har komme med forslag til løysingar. Hadde Høgre og Venstre sitt forslag til løysing fått fleirtal ville både Trovikkvartalet blitt renovert og kommunen fått eit nytt administrasjonsbygg.  Til glede for innbyggarane i Flora.

Eikefjord skule er eit godt døme på kor galt det kan gå når byråkratar skal forsøke seg på ”ting dei ikkje kan”. Som Åge kanskje ikkje hugsar så fremma Høgre alle reie i perioden 2007 -2011 forslag om at prosjektet Eikefjord skule måtte bli eit Offentlig Privat Sammarbeidsprosjekt (OPS). Byråkratane likte ikkje dette og fikk støtte av Ap. Hadde du høyrt på oss då så hadde nys skule stått ferdig i Eikefjord i dag.  Den løysinga som til slutt vart valt for Eikefjord barne- og ungdomsskule , etter at kostnadsramma for det ”gamle prosjektet” hadde tatt heilt av, vart fremma av Høgre. 

Vi fikk stort fleirtal for løysinga, men der var du og Ap skeptiske og kom med forslag til vedtak der rådmannen skulle komme med rapportar til formannskapen om korleis dette gjekk. Hadde vi gått i gang med den framlagde løysinga inkl storhall, ville det ha kosta kommunen ca 100 mill kr meir. Noe som igjen ville kosta  4 – 5 mill kr meir i renter pr. år.

Høgre prøver å sjå heilheita i det vi gjer. Alt heng saman. Brukar vi for mykje på investeringar så går det ut over drifta i form av høgre kostnader. Når det gjeld budsjettsprekk så står no det igjen å sjå. Du hugsar sikkert at rådmannen kom med same spådom hausten 2014. Det vart ingen budsjett sprekk i 2014 og blir det truleg heller ikkje i 2015. Kommunen må berre lære seg til å føre regnskap som kan brukas til å styre etter slik at ein slepp å gjette.

Til slutt; eg er heilt einig Åge, samarbeid på tvers er til det beste for kommunen. Vi får håpe dei som skal styre kommunen dei kommande fire åra legg seg det på minnet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags