Søker 7400 par barnesko

Søker 7500 par barnesko.

Søker 7500 par barnesko. Foto:

Av
DEL

Debatt: Har du barnesko å gi bort? Flyktningeleiren Moria på Lesvos i Hellas: Menneske som misser alt livsmot. Eit miljø tettpakka med traumer, angst og smerte. Borna vert skada kognitivt for livet.
Desse borna fortener handling no. Dei fortener medkjensle og solidaritet. Ein trygg heim.

Leiren er bygt for 3000 personar. Talet på flyktningar som bur der no er hinsides høgt, og det aukar dagleg. Nyfødde søv i sommartelt. Køane for å få mat, vaska seg og gått på do er timelange. Mangelen på helsehjelp er akutt. Born ned i toårsalderen driv sjølvskading.
7500 born bur der. 7500.

Dette har ikke lenger med mottak av asylsøkere å gjøre. Dette har blitt en kamp for å overleve.

Barnepsykologen Katrin Glatz Brubakk: «Det er ikke trygt for barn i bo i en leir der slåsskamper pågår og folk blir drept. Jeg har sett frykten i barnas øyne, holdt skjelvede hender på gråtende barn som sier de ikke orker å leve her mer. Som heller vil dø.
Det er som å ta barna ut av et brennende hus, sette på noen plaster og så sende dem tilbake til flammene. Dette er en humanitær katastrofe som bare kan løses politisk.»

Eg orker berre ikkje sjå bilete frå flyktningeleiren Moria på Lesvos. Eg får vondt i alle indre organ.
For kva kan eg gjere? Korleis kan eg hjelpe anna enn å gi penger til organisasjonar som drar dit for å helpe?

Så dukka prosjekt 7500 barnesko opp. Over heile landet vert det no samla inn barnesko. 7500 par barnesko skal samlast inn i løpet av få dagar av mars, og nyttast i ei markering i Oslo. Vi krev at Noreg tar aktivt initativ til å gi den hjelpande handa som må til for at einslege mindreårige og barnefamiliar kan evakuerast no.

År er for lenge i eit barneliv. Det må skje no. Etter markeringa vert skopara sendt til Moria. Eit skopar til kvart barn.

Har du barnesko å gi bort? Sko Olsen i Florø tar imot brukte barnesko. Eller du kan sende meg ei melding, eg har fleire medhjelparar. Eg sender skoa videre mot Oslo. Tida er knapp. Leveringsfrist er 13. mars 2020.


Elisabeth Halsne, tlf 920 29 521
Initiativtakarar «Evakuer barna frå Moria nå». Sjå Facebook for meir informasjon

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken