Pengesluk og luftslott i samferdsla på Austlandet

Av
DEL

MeiningarI Klassekampen sin kronikk 13. juli kallar stortingsrepresentant Arne Nævra SV, den 1000 km lange Kyststamvegen Kristiansand – gjennom heile Vestlandet til Trondheim, eit pengesluk og luftslott. Nærva som er medlem av transport –og samferdslekomiteen syner mellom anna til Rogfast til 18 milliard kr og bru over Bjørnafjorden til 20 milliard kroner. Desse to prosjekta vil knyte saman to fylke med samanlagt ein million menneske ferjefritt og redusere reisetida mellom Bergen og Stavanger frå fire til to timar når vegen er ferdigbygd. Seks milliard frå statsbudsjettet og 12 milliard i bompengar skal finansiere Rogfast. Brua over Bjørnafjorden skal og i stor grad betalast frå bompengar. Midlane frå statskassen er i full grad innbetalt av vegbrukarane i dei to fylka gjennom køyrevegavgifter og andre særavgifter på bilane.

For knapt to veker sidan deltok Arne Nævra i ein debatt i TV2 der han meinte at vi nå måtte overføre midlane til pengeslukande luftslott på Vestlandet til lønsam jernbanesatsing på Austlandet. Han meinte det ikkje var turvande å vente til Intercitytoget stod klart før ein starta opp med lyntog Oslo- Stockholm sidan det ville få to millionar reisande og gå med overskot.

Inntektene vert så små at dei berre dekkjer 5 prosent av dei reelle kostnadene med toget.

Idar Mo

Når vi summerer opp all investering i riks og fylkesveg i dei fire vestlandsfylka for 60-års perioden 1960 til 2020 får vi om lag 150 milliard kr i 2005 pris. Alt betalt av vegbrukarane gjennom bompengar og særavgifter som går til statskassen. Særavgiftene dekkjer og vedlikehald av vegane. I vegnettet på Vestlandet vil det i 2032 bli utført 1,7 milliard personreiser mot mindre enn 100 millionar i heile jernbanenettet og 60 millionar tonn gods mot 10 millionar på jernbana. NTP2018-29 viser at jernbana årleg må ha over 30 milliard kr i statstilskot for å utføre sin vesle produksjon.

Dersom ein reisande med buss Florø – Oslo tur/retur skulle få like store tilskot per km så ville det vere 12.000 kr for ei reise.

Follobana er under utbygging. Den er ein 22 km lang del av Intercitytoget og vil koste 30 milliard kr og vil gje ei lita gruppe reisande 10 minutt kortare reisetid. Berre 17 millionar vil reise med Intercitytoget i 2032 og det vil vere ein prosent av dei reisande internt og til/frå Oslo/Akershus. Inntektene vert så små at dei berre dekkjer 5 prosent av dei reelle kostnadene med toget. Når vi reknar inn alle delar av Intercitytoget, medrekna parsellar som Gardermobana, tunnel under Oslo og andre tidlegare utbyggingar, og korrigerer for normale overskridingar ved jernbaneutbygging, vil Intercitytoget koste over 300 milliard kr. I det lange løp vil kostnader for vedlikehald bli større enn 300 milliard kr. Ikkje noko av dette skal eller kan betalast av dei reisande. Minst 90 prosent av dei globale klimagassutsleppa frå det raske toget med få passasjerar vil kome frå bygging og vedlikehald av køyreveg og tog. EL-buss på 4-felts parallelle vegar som er på plass, vil berre få ein 50-del av toget sine utslepp per reisande. SV går over bekken etter vatn når dei reiser frå Oslo til Vestlandet for å sjå etter utslepp og kostnadsmonster.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags