Eit veksande dilemma

Vidar Grønnevik - fylkesleiar i Høgre.

Vidar Grønnevik - fylkesleiar i Høgre.

Artikkelen er over 3 år gammel

Når mindre enn 10 prosent av folket er medlem i eit politisk parti, lever vi med eit massivt demokratisk underskot.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I den offentlege debatten vert det ofte hevda med styrke at lokaldemokratiet er under angrep m.a som følge av kommune- og regionreforma, at interkommunale samarbeid ikkje er underlagt demokratisk styring og at det er demokratisk underskot både her og der.

Vårt demokrati har medlemskap i eit politisk parti som den lågaste demokratiske eining, der resten av systemet bygger på dette.

For å kunne delta i avgjerder i årsmøter og nominasjonsmøter i våre politiske parti, så må ein ha betalt årskontingent som medlem i ei lokalforening i partiet og det er i desse møtene det vert vedtatt kven som skal være utsendingar til årsmøter på fylkesnivå og kven som skal være partiet sine kandidater i kommuneval og kven som skal sitte i styret i lokalforeininga.

Tilsvarande er det dei nemde utsendingar til fylkesårsmøte og nominasjonsmøte som avgjer kven som skal være partiet sine kandidatar til fylkesval og stortingsval, samt kven som skal sitte i styret for partiet sin fylkesorganisasjon.

I val kan alle som er stemmeberettige delta, dvs. etter fylte 18 år.

Systemet er logisk og fornuftig oppbygd, og gir inntrykk av at vi har eit velfungerande demokrati.

Om vi kikkar litt bak tala, så vil vi finne et bilde som viser at mindre enn 7% av innbyggarane er betalande medlemmar av eit politisk parti (på 80-talet var det omlag 16%).

Dette betyr at dei kandidatane som innbyggarane kan velge mellom som sine demokratisk valde tillitsmenn og -kvinner er utpeikt av og blant nokre få prosent av befolkninga.

Dette er eit stort og veksande dilemma - og truleg eit resultat av at vi bur i eit land der svært mange har det rimelig bra i kombinasjon med det som den verdsledande framtidsforskaren Alvin Toffler kallar mosaikkdemokratiet.

Han skreiv alt i 1990 i boka Maktskifte at “massedemokratiet er i ferd med å bli avløst av eit mosaikkdemokrati som er kjenneteikna av store spenningar og høgt tempo, og som vil gjere det nødvendig å omdefinere sjølv våre mest djuptliggande demokratiske forutsetningar”.

Dette skreiv han mange år før digitale sosiale medier var innført i samfunnet.

I vårt samfunn ser vi at enkeltpersonar organiserer seg i grupper, ofte med stor hjelp av sosiale medier, der dei brukar tid, penger og stort engasjement på å kjempe for enkeltsaker som dei brenn for. Dette kan være engasjement for dyr sine rettar, for mindre bilavgifter, for betre demensomsorg, mot stor innvandring, for mindre utslepp av klimagassar etc.

Desse gruppene gir ofte sine stemmer i val til svært ulike parti (dersom det ikkje er oppstått “nisjeparti” som har ein av nemde enkeltsaker som sitt politiske hovudfokus), og svært mange av dei brukar ikkje tida og engasjementet sitt i dei “tradisjonelle” partiorganisasjonane på ein slik måte at dei melder seg inn.

Som demokrati står vi då igjen med eit massivt demokratisk underskot i den ordinære politiske strukturen, der mindre enn 7% av innbyggarane med stemmerett utgjer den flokken som våre folkevalde kan velgast av og frå og velgarane i val har ikkje ein gong høve til å stryke nokon av dei som står på vallistene.

Det er dette veksande dilemmaet vi bør være bekymra for og ikkje korvidt det er 100 eller 400 velgarar bak kvar folkevald - eller korvidt det er 1 eller 100 km til nærmaste rådhus som dei fleste likevel aldri er innom.

Det geniale er også et dette er ei politisk og demokratisk utfordring som kvar enkelt kan gjere noko med, ved å melde seg inn i det partiet som mest passer til deira samla samfunnssyn slik at dei kan delta i utforming av byggeklossane i vårt demokratiske styringssystem som

  • utforming av politisk program (det er dette som over tid formar og endrar samfunnet
  • delta i å utpeike kven som skal representere innbyggarane i val, inkludert å sjølv kunne ta på seg slike oppgåver
  • sikre at dei som deltek i det politiske arbeidet reflekterer samfunnet i form av alder, kjønn, utdanning, yrkeserfaring m.m for at den praktiske politikken blir forma slik at flest mulig hensyn vert ivaretatt.

Arbeidet og engasjementet for enkeltsaker kan pågå parallelt med slikt medlemskap og det vil truleg verte styrka ved at ein også kan forfekte og arbeide for disse enkeltsakene internt i ein partiorganisasjon.

Ta steget no - meld deg inn i det partiet som passer best for deg - vær med å sikre at samfunnet du bur og lever i får dei politikarane som det fortener !

Vidar Grønnevik

Fylkesleiar

Sogn og Fjordane Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken