Årets siste jazzkonsert på samfunnshuset hyllar Ricky Lee Jones

POP POP - Ein hyllest til Ricky Lee Jones
LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Jones er født og oppvaksen i Chicago. Ho gav ut sitt første album i 1979 og fekk ein kjemphit med låta "Chuck is in Love". Ho fekk òg Grammy dette året for Best New Artist.
Musikarne du får høyre torsdag kveld er: Emilie Storaas - vokal , Heine Bugge - trekkspel, Ugo Santangelo - gitar, Edvard Mjanger - bass.
Saman har dei satt opp eit hyllest-band til legendariske Rickie Lee Jones. Bugge er ein av landets framste trekkspel-virtuoser og Mjanger og Santangelo er to eminente strengespelarar. Det er ein usedvanlig trivelig og musikalsk gjeng som kjem med turnébussen for å lage god stemning på Vestlandet med eit utval tidlause klassikarar.
Her er det ingenting å vere redd for, berre fin musikk med fine folk. Kom og høyr sjølv!
Turneen er ein del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordningen står for ca. 40 konserter i året og sidan oppstarten har nærare 170 musikarar vore med - i all hovudsak musikarar busette på Vestlandet. Til saman har desse besøkt om lag 50 arrangørar i vår region.
DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir
Kommentarer til denne saken