Eg støttar Kjell Sundfær i sitt innlegg.

Les også

«No ser vi kva DAB-innføringa kostar: NRK må kutte 50 årsverk og kutte i distriktssendingane sine.»

 

Dette er eit felt der han tydelig har langt meir kompetanse enn meg. Eg er ein heilt vanleg lyttar som nærmar pensjonsalder, og som hadde tenkt å bruke stadig litt meir tid tli å lytte på radio. Mine kjekkaste helgar her eg hatt i vedskuret mitt med kløyveøksa mi og gode sportsendingar på NRK, høveleg inblanda med nyheiter og vegmeldingar. Der har eg fått trimmen min og kost meg med kaffien og tima inn dei sendingane som eg ville høyre. Så kom DAB, og sjølv om eg knapt nok trudde at ein skulle kome til stenging av det gode gamle FM-nettet så vart det innkjøpt DAB radio for vedhuset, hengt opp saman med den gamle FM-radioen og hadde eit tid høve til å velge mellom den gamle og den nye tid.

Så vart FM stengt, og no har eg eigen sportskanal, det skulle vel være storveges? Det vart mykje sport, men det viste seg jo fort at det slett ikkje var all sport som kvalifiserte til sending på den nye kanalen, og dessutan så var det jo mindre nyhende og oppdatering, her måtte ein til å søke på nettvelgaren for å finne tak i lokalradioen igjen.

Vel og bra, men kven er det som har spurt og bestillt denne omlegginga? Her er byråkratar som har hatt makt og mynde til å overtale Stortinget med heilt feil føresetnadar, feilinnformasjon rett og slett som burde resultere i hovedrulling og utskiftingar. Og stortingspolitikarane som er blitt lurt burde ha forlangt opprydding og tilbakestilling av FM-nettet til DAB er fullt utbygd, - det er det mykje som manglar på enno! No kjem rekninga på bordet og lyttartala fortel sitt, om eit udugelig styre som heilt klart har spelt med skjulte kort.